mandag 18. januar 2016

Tilbake på bloggen 3 år etter.

Eg er tilbake på bloggen visst. Eg lurte på om eg skulle komme med ei oppdatering frå dei tre siste åra, men trur eg lar vere. Men, for å avslutte gravidforteljinga så kom jo babyen til slutt. Med tut, som vi seier. Ein liten gutetass nærmast rant ut på tre kvarter. Tredje fødselen vart jammen meg den verste. Rett og slett det galnaste eg har vore med på. Men alle overlevde uten varige mèn så då må vi vel konkludere med at det gjekk bra! Guten min vert iallefall 3 år neste veke, og er frisk, rask og kvikk. Alles gut! Her kan du sjå min vesle bukett :-)


fredag 18. januar 2013

Kos på ein fredag

I dag har eg kooosa meg med strikking og innpakking av gåver. Har strikka ferdig lue nr 2 til jentene så no har begge fått seg skjønne, lyserosa luer. Det neste er halsen som høyrer til. Oppskrifta har eg henta her. Eg strkkar den i ein tråd Alpaca Silk frå Rauma garn og ein tråd Tynn Alpakka frå Du Store Alpakka. Herlige trådar og herlig blanding.





Men er ikkje berre eg som har strikka. Mamsen har laga denne nydelige køyredressen i mjuk og deilig Alpakkagarn. Så søt og såååå gode. Den skal bli fin å ha nede i vogna. Veldig praktisk med hol til bilbelte også. Oppskrifta finn du her

Køyreposen fint dandert i vogga som sjølvsagt er klar med det deilige soveskinnet... 

 To babygutar meldte sin ankost i desember så eg har gjort ferdig noko lurt og pakka inn i dag. Det e så kos å gje ting ein har laga sjølv. Håpe det passar og fell i smak...



Så har eg pakka inn og laga til storesøstergåver til jentene frå knøttet. Dei skjønnaste gensarane frå memini. Pluss ei gåve til... Som er hemmeleg... ;-) 



Bilde henta frå memini.no. Søstaste gensarane til storesystene...

Ute er det sol og kaldt. Ein nydelig vinterdag. Inne er det varm te og fyr i peisen, Janis Joplin på LP-spelaren og strikketøy i handa. Forkjølinga slepp taket og eg har ingenting å klage over.

Ha ein fortreffeleg fredag og ei hærlige helg!

onsdag 16. januar 2013

37 veker innanbords.


37 + 1 dag faktisk. Ny rekord! Har aldri gått så lenge i eit svangerskap før eg. Veldig kjekt! No vert klompen rekna som fullbåren når det vert fødsel. Herrelighetenndamann! Så deilig!

Sjekk den magen! No snakka vi her... 


Eg ha sjølvsagt vorte forkjøla. Host og hark og stakkar magemusklar som ikkje fins lenger... Dårlig sport å vere høggravid og forkjøla. Det kan eg skrive under på! Skjønar ingenting av at eg ikkje har hosta ut babyen.Vesle snuppa er også sjuk så ho må vere med bestemor og pleiast i dag... Stakar liten... Store snupp og pappen har også vore sjuke, men er no betre heldigvis. Og vi er vel snart på betringens vei vi andre også. Men håpe jammen at fødinga har tenkt å vente til eg har fått tilbake pusten og energien att. Klarar ikkje heilt å sjå for meg korleis eg skal klare ein fødsel no akkurat. Men utkreftene er jo der inne ein plass, så dei kjem vel fram tenkjer eg :-)

Tenkte eg måtte vise bilde av hentesettet som eg har gjort klart... Gler meg sånn til å ta det på :-)

Eg har strikka jakka og lua, medan mamsen har strikka buksa og dei skjønnaste sokkane. 




Blått eller rosa teppe?


Fuglemammas omslagsbody , vottesokkar og lita lue.

Eg har strikka og strikka. Det mest av oppskriftene har eg brukt frå " Nøstebarn" og boka "Myk Start". Likar veldig godt oppskriftene i desse bøkene. Eg har stort sett strikka i 2-tråds merinoull frå nøstebarn og Tynn Alpakka frå Du Store Alpakka. Herlig tråd å strikke med.

Trur eg må gå å ta meg ein kopp te med honning no og håpe på rask rekåveri... Så får vi sjå kva som vert det neste på bloggen... ;-) Ikkje at eg har tenkt å føde no altså...

tirsdag 8. januar 2013

36 veker.

Yeahi! 

Då har vi passert 36 veker, 4 veker + 2 dagar til termin og snart kan eg rekne meg å vere innanfor normalen. Herlig! Lave skuldra, avslappa sinn og glede i hjertet! Det kribla ekstra med sommarfuglar i magen no når vi er så nære. Eg kjenner det godt. Samtidig kjenner eg også blaff av noko som ligg bak i hukommelsen av korleis det eigentleg er å føde... Det hadde eg visst gløymt eg. Heilt til eg fekk ei lita påminning veslejulafta. Ai ai.. Men skitt au. Ut må jo ongen uansett, og kanskje eg rekk å få epidural denne gongen?

Einaste eg har lovd meg sjølv er at eg ikkje skal ha nokon som helst forventningar om korleis utkomsten skal gå føre seg. Det veit ein jo aldri likevel, og like greit å ta ting som det kjem. Spenning! 

Vogga og senga er på plass, leikegrinda sett opp, bleier og kle i kommoden så det meste er klart. 

Velkommen skal du vere, lisjevennen. 

Men, gjer ikkje noko om du ventar ei veke til då. 

Tjukke magen. 



Smilefjes og teoretisk hopp opp og ned på stovegolvet. Æ gler mæ!


onsdag 2. januar 2013

2013

Endelig kan vi skrive 2013! Eg er hoppande glade for det! Jula er over for denne gongen og no byrjar eit nytt og spennande år. Eg set her og nyt freden i heimen med litt te i min nye, fine raude og prikkete tekopp som eg fekk til jul. Tusen takk, Marita! Kjekt med folk som kjenner meg så godt :-) Raud kjole og raud prikkete kopp må til på 2.januar. Tjukke magen vekse og i dag er eg 35 + 1 dag. Eg kan nesten ikkje tru det er sant!

Jula i år vart noko spesiell. Lisjejulaftan meldte vesle klompen sin ankomst og då var det berre å sette kursen mot hospitalet. Lang historie kort: Ba bu, ba bu, drypp og sengeliggande i 48 timar + litt ymse medikament - babyen ombestemte seg. Takk og lov. Eg kom heim att til min nydelige familie 3.juledag så resten av jula har vi kosa oss heime. Mitt store mål var å klare å halde stengt ankomsthall til 2013, og det målet er herved nådd. No er jo alt berre bonus! Og eg er så letta og gla for det!


Gla for å vere heime med smågulla mine!

Sjølvutnemnt prinsessen på Erten...

Årets julebilde med åpen munn.

Nyttårsafta, 35 veker og GLADE!

Ha ein strålande dag! Skål! 

onsdag 19. desember 2012

Mamma! Eg elska deg i tusen år!

Mannen og jentene er reist på juletrefest på skulen.  Jentene sprang fram og tilbake i stova i ein halvtime før dei fekk på seg julekjolane og drog avgarde. Så kjekt å sjå så oppglødde barn som verkeleg gler seg til det som skal skje. Eldstejenta syns det var synd at mamma ikkje skulle vere med, men snusfornuftig som ho er så skjønte ho kvifor det måtte vere sånn. "Du kan vere med når du ikkje har baby i magen lenger du, mamma". På med ytterkle, ut i mørket og rett før ho spring opp bakken til bilen så ropar ho:" Mamma! Eg elskar deg", medan ho held seg til hjertet. "Eg elskar deg i tusen år!".... *smelt*



I går bikka eg 33 veker! Eg kjenner at eg ikkje er så stressa for at babyen skal komme lenger, men håpar likevel at den har tenkt å vente ei god stund til. Problemet mitt er at eg ikkje føler meg noko spesielt tung enda så eg slit litt med å ta det med ro. Men, DET er vel strengt tatt eit luksusproblem.




Elendig bilde i dag, men gadd ikkje styre så voldsomt med saken... Magen vekse no iallefall :-D

No skal eg legge beina høgt etter ein innhaldsrik dag med lunsj på jobben, litt julehandel og to gærne jenter høge på juletrefest. Eg oppfordrar fleire til å gjere det same. Ta deg 5 minutt innimellom julestresset. Det gjer underverker :-) Take care!

fredag 14. desember 2012

Olav du må koma, julegåvene kjem!

Min nettshopping er begynt å bere frukter... Postmannen kom i dag på døra både med ferdige julekort ( Gler meg til å sende desse ut til folk. Syns dei vart så FINE!) og gåvene til jentene mine. Fantastiske sittesekkar frå Coocon couture. Må berre dele dei med dykk. Jentene mine les av naturlige årsakar ikkje bloggen min så då tek eg sjansen....

Raud, med sommarfugl. Endå finate i verkelegheita! 

Det var utsolgt for det motivet eg bestilte på denne, ein nydelig liten bambi, men fargen er den samme. 
Sittesekkane har eg blogga om tidlegare og er bestilt her.
Coocon couture er designa av Ingrid Daniell og Melanie McLeod (australske damer, trur eg), dei er sydde av kordfløyel med applikasjonar av vintage-stoff, og fins i mange ulike fargar for både jenter og gutar. Eg vurderte om eg skulle bestille dei i ein meir nøytral sand/brun farge, men følte eigentleg ikkje at det er heilt oss. Eg er litt for glad i fargar. Og, som mannen min sa då eg spurte om eg skulle velge ein meir nøytral farge "sånn at det ikkje stal så mykje merksemd i interiøret : "Skal det se ut som eit sånn dansk grått designhjem dette her?" (Han er frå Bergen så måtte skrive litt bokmål her...) Sant, så sant. Så då vart det med fargar. Punktum. No er eg veldig glade for at eg høyrde på han. Verkeleg fine!

No ventar eg berre på gåva til mannen. Eg er så fornøgd med den gåven!!! Han gjettar aldri kva det er :-D Hi hi... Meir kan eg ikkje skrive. Ellers nærmar vi oss ferdige med gåvene. I år har eg laga liste (har no verkeleg sånt å gjere), så då er det enkelt for ektemannen å utføre handlinga ettersom eg er ferdig oppbrukt med slikt etter 10 minutt for tida. Eg syns det er litt viktig å handle lokalt også så det som ikkje kjem med posten, vert kjøpt på Eid. Vi er storkundar hos bokhandelen der inne, Totland Libris som faktisk er ein av dei beste av sitt slag i landet! Det er eg overbevist om. Dei har noko for alle og dersom dei ikkje har det så bestiller dei det gjerne for deg. Til opplysning,  ikkje at alle får bøker i år altså ;-)

Ellers så vil eg oppfordre alle til å ikkje stresse så mykje no i førjulstida. Kos deg med dei små godene og senk krava :-D Ha ei strålande helg!