torsdag 15. desember 2011

Til ettertanke i julekjøpestria....

Såg på Migrapolis på NRK her om dagen, syns det er eit veldig bra program faktisk. Denne veka handla det om fattigdom i Norge og såkalla "lavinntektsfamiliar", ein brukar jo ikkje ordet "Fattige" no til dags. Det var fint å få eit program med eit slikt fokus no midt i julegavekjøpegalskapen. For det er slik at ikkje alle har råd til å kjøpe noko særlig ekstra sjøl om det er jul her i oljelandet Norge. Vi fekk mellom anna presentert ei reportasje om ei aleinemor med ei datter som var kronisk sjuk, og som pga dette i perioder ikkje kunne jobbe så mykje. Som åleineforsørgar var ho nødt å tilbringe periodar på sjukehuset med dattera og då seier det seg sjølv at det ikkje vert så mykje inntekt. Det var fantastisk å sjå for ei nydelig jente ho hadde, svært "lisjevaksa" og fornuftig. Og ein annan familie med 5 born som det hadde rakna for. Det viste oss at det ikkje alltid er så mykje som skal til før det kan verte vanskeleg. Det er ikkje så enkelt at ein kan styre det sjølve. Då var frelsesarmeen god å ha. Dei gjer ein fantastisk jobb og gjer slik at mange både kan få seg julemat og gåver under treet. Tenk på det neste gong du går forbi frelsesarmeens julegryte.Pengane gleder så mange!

http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/812413/


Eg kjende det iallefall godt i magen etterpå, og her eg sete i den nye sofaen min med min nye laptop på fanget, føle eg meg vanvittig heldig som har det så godt på alle måtar. Pengar er ikkje alt, heiter det. Nei, men i dagens samfunn klarar ein seg ikkje utan.

søndag 11. desember 2011

Adventstid!


Tredje søndag i advent allereie! Julekvelden kjem vel som på kjerringa i år også, gitt. Nok ein gong har eg berre kjøpt ein brøkdel av julegavane og juleposten er eg ikkje begynt på ein gong. Vi pussar like gjerne opp kjøkkenet i julestria så er vi sikker på at vi ikkje kjedar oss. Men, det er no kjekt det! Diggar å pusse opp eg altså, og tenke seg til kor kjekt det vert å lage julemiddag på ny komfyr! Jippi! Men alt det andre greiene kjem liksom litt i bakevja... Vel,eg har iallefall klart å lage adventskalender til jentene, eller rettare sagt. Må hugse å henge opp fleire pakkar for i dag opna dei den siste av fyrste ladning. Også har vi baka pepperkaker, og pepperkakehus.
To gode jenter, djupt konsentrerte om bakinga.

Det siste bakte vi, pynta og kræsja på same dag... Litt ufrivillig, men akk så typisk meg. Eg såg for meg at det skulle bli eit skikkelig stilig hus med kvitt tak, og pynt i rosa og lilla. Det fyrste eg gjorde var å sprute melis og eggekvite utover kjøkkenet då eg skulle lage melisen. Neste var at ingenting ville sitte på det j... huset fordi eg sjølvsagt hadde hatt for lite melis i, eller kva det no var som eg gjorde feil. Og det heile enda med at huset sakte, men sikkert datt i hop... Kjekt for meg at niesa på snart tolv utbraut: "Tanta! Ditte er den kulaste pepperkakehus pyntinga eg har vore med på! Lage hus, pynting og kræsjing og eting på same kvelden! " ;-D Velge å tru at ho meinte det og ikkje berre ville trøste meg. Gode jenta!
Tja, hva kan man si?

Fine pepperkaker pynta av jentene.

mandag 14. november 2011

EMMALJUNGA AV GAMAL ÅRGANG

I fjor haust kom mannen og eg over denne nydelege dukkevogna på vår absolutte favoritt butikk, Fretex. Den stod der å skreik mot oss med sin raude, fine farge, og vi måtte berre kjøpe den. "Ta meg med heim", høyrde eg. Heilt sikkert! Den kosta 129 kroner, noko som eg syns var ein svært fin pris for ei svært fin vogn. Eg tykte Vårin var litt for lita då så den har stått på loftet og venta på å få vere med på leiken. I går var det ein skikkeleg regnveirs dag og då tenkte eg at no, no skulle vogna få kome fram. Vårin og dukkene vart sjølvsagt veldig glade for det. I dag var snuppa heime frå barnehagen og då var vogna veldig god å ha til dukkene her oppe i stova. Perfekt for ei dukkefrelst tuppe på 3 og eit halvt år.


Fine Emma Ljunga


søndag 13. november 2011

HERLIGE YLVIS

Eg er storfan av Ylvis-gutta!  Sjekk ut denne her. Vittig!  Anbefala sjølvsagt alle å sjå på TVN måndag og onsdag  kveld. Eg ler og ler...


fredag 11. november 2011

EIN NYDELEG HAUSTDAG!

I dag var ein sånn dag der eg vakna opp heilt i svime etter ei skikkeleg våkenatt. Minsta hadde magevondt, så ho var uroleg og skreik mykje i natt. Eg skulle eigentleg på seminar med jobben i kveld, men kjente at det orka eg ikkje så avlyste heile greia. Det hjalp på "jetleg-en" at det har vore så fantastisk veir i dag. Eg fann ut at det einaste som kunne hjelpe på mitt trøtte tryne var å komme meg ut, ut, ut i sola! Mannen kom tidleg heim frå jobben i dag så eg smurte matpakke, laga litt te og pakka opp i ein sekk. Det gjorde godt! Deler nokre bileter frå dagen i dag, før eg kryp oppi sofaen med pledd, chips, Ananasbrus og gullrekka på NRK. Og eg kryssa fingrane for ei god natts søvn....

Herleg utsikt å stå opp til.

Mamsen og beibien på tur, huset vårt i bakgrunnen.

På veg oppover...


Lunsj i det fri

Trolsk stemning

JIPPI! NY PC!

Endelig har eg fått meg ny pc. Klarte å motstå freistinga til å kjøpe meg ein rosa ein, og hamna tilslutt på valet av denne frå Asus. I følgje min betre halvdel er den bra, og då stolar eg på det. Eg må innrømme at svært datakyndig er eg no ikkje, men klarar meg bra. Fin eller? I like! Det kulaste med den er at den har såkalla "icecool tecknology" som gjer at ein ikkje vert varm på låra når ein har den på fanget...

PC frå komplett.no

onsdag 9. november 2011

Radka Toneff Moon's a Harsh Mistress

Haust

For ein fantastisk haust vi har fått! Eg må jo innrømme det at eg er veldig glad i denne årstida, uansett veir egentleg. Men dei siste dagane har vore heilt herlige! I kveld gjekk eg måneskinnstrimmetur saman med Emma, noko som rett og slett var heilt magisk. Månen skein over fjella og skodda "rant" nedover fjellsida. Fekk sjølvsagt ikkje tatt nokon bileter av dette, men lagra eit par på "innsida" til å ta fram på sure haustkveldar. Men er det ikkje koseleg då, folkens? Eg kryp opp i sofaen, tenner lys, lagar ein god kopp te og kosar meg med haustmusikk. Og kva passar vel betre på ein slik kveld med fullmånen lysande inn igjennom stoveglaset enn Radka Toneff`s " Moon`s a Harsh Mistress"? Min absolutte favorittlåt. Eg vert aldri lei av denne... Lytt og nyt.

mandag 7. november 2011

Parabener og anna styggedom.

                                                                            Foto:Forbrukerrådet.                  


Har nettopp sett Nrk-programmet Puls no. Det falt sjølvsagt i smak hjå meg som er ein ihuga svanemerke-fan. Det er mykje tullskap i hudpleieprodukta våre, gitt. No har forbrukarrådet laga ein app der ein kan scanne strekkoda på ulike produkt og deretter kjem det opp om det inneheld stoffer som ikkje er anbefalt. Det er mange av dagens produkt som inneheld hormonforstyrrande stoff som blant anna kan skade spermen og gje dårlege svømmarar. Ikkje bra! For våre aller minste kan desse skadelege stoffa gje uheldige verknader. I Danmark har dei rett og slett forbudt parabener i kremar og anna som er tenkt for småborn. Eg prøvar å kjøpe mest mogleg svanemerka til borna mine og meg sjølv også etterkvart. Tenkjer at eg skal prøve ut denne app-en og sjekke korleis tilstanden er her i huset. Du kan finne app-en her:Hormonsjekk.no.

Då gjenstår det å sjå om det er noko som hamnar i "båskorja" her i huset....

tirsdag 1. november 2011

Ein kul stol

Måtte berre prøve ut korleis ein legg inn bilete i eit innlegg her og kan like godt vise fram den fine svingestolen som vi fant på ein bruktbutikk i Ørsta for ikkje lenge sia.




Jada, ikkje spesielt bra bilde, men stilig stol eller?

Under utbetring sjølvsagt...

Og for dei som trudde at bloggen min skulle sjå so stusseleg og trist ut så er det sjølvsagt ikkje tilfelle... Eg hadde rett og slett skrivekløe, men har ikkje klart å bestemme meg for bilete og slikt enda. Eg skal ikkje skryte på meg at eg er super kreativ eller super teknisk heller. Men den som ventar får sjå, for å seie det sånn. Det skal verte betre etterkvart. Promise!

Kunst Lab på Lysverket.

Vi er på besøk i Bergen for tida. I dag har vår vesle familie vore på Lysverket ein tur for å sjekke ut Kunst Lab. Det var kjekt det. Eldstefrøken digga det rett og slett. Velsa også. Vi fylgde den gule tråden rundt omkring i museet og prøvde ut dei forskjellige installasjonane. For ei jente på 3 og eit halvt år var dette supert. Ho ville rett og slett ikkje gå der i frå. Vil du lese meir og sjå bilete kan du sjekke ut her:
http://www.kunstmuseene.no/Default.asp?side=utstillinger&art=1117&enhet=kunstmuseum&sp=1


Ellers vart det sjølvsagt eit besøk på Fretex. Eg elskar Fretex! Eller rettare sagt eg gjorde iallefall det. Syns faktisk at dei er byrja å prise seg ut. Nokon ting er blitt retteleg dyrt der og det tar vekk litt av gleda over å gå på "skattejakt" på Fretex slik ein kunne gjere før. No verkar det som dei tenker seg at det som kan kallast litt retro eller second hand eller vintage eller kva det måtte vere, det vert prisa ekstra høgt. Men for all del. Ein kan fortsatt finne godbitar og det gjorde eg sjølvsagt i dag også med "Fretexradarblikket". Kjekt det! Skal dele kjøpa her seinare. No er dei i vaskemaskina... Snart vert det reker og loff for å feire 1.november. Då kan vi drøyme oss litt tilbake til sommaren og ynskje velkomen hausten. Eg er jo då faktisk ein av få medlemmar i Hausten sin fanklubb. Eg tykkjer rett og slett det er herleg med mørke kveldar, stearinlys, varm te og pledd på sofaen. Rett og slett ei kosetid.

Ny blogg

Eg har lenge gått med ein liten bloggar i magen som no endeleg skal få kome ut. Kva vil eg skrive om? Tja, litt av kvart eigentleg. Hus og heim, born og alt som høyrer til, mat og helse, mote og kle, lista er lang. Eg vil sjølvsagt skrive på nynorsk. Noko anna vil for meg vere unaturleg. Her er det fyrste innlegget på min blogg Hugleik. Velkomen til min blogg.