tirsdag 1. november 2011

Kunst Lab på Lysverket.

Vi er på besøk i Bergen for tida. I dag har vår vesle familie vore på Lysverket ein tur for å sjekke ut Kunst Lab. Det var kjekt det. Eldstefrøken digga det rett og slett. Velsa også. Vi fylgde den gule tråden rundt omkring i museet og prøvde ut dei forskjellige installasjonane. For ei jente på 3 og eit halvt år var dette supert. Ho ville rett og slett ikkje gå der i frå. Vil du lese meir og sjå bilete kan du sjekke ut her:
http://www.kunstmuseene.no/Default.asp?side=utstillinger&art=1117&enhet=kunstmuseum&sp=1


Ellers vart det sjølvsagt eit besøk på Fretex. Eg elskar Fretex! Eller rettare sagt eg gjorde iallefall det. Syns faktisk at dei er byrja å prise seg ut. Nokon ting er blitt retteleg dyrt der og det tar vekk litt av gleda over å gå på "skattejakt" på Fretex slik ein kunne gjere før. No verkar det som dei tenker seg at det som kan kallast litt retro eller second hand eller vintage eller kva det måtte vere, det vert prisa ekstra høgt. Men for all del. Ein kan fortsatt finne godbitar og det gjorde eg sjølvsagt i dag også med "Fretexradarblikket". Kjekt det! Skal dele kjøpa her seinare. No er dei i vaskemaskina... Snart vert det reker og loff for å feire 1.november. Då kan vi drøyme oss litt tilbake til sommaren og ynskje velkomen hausten. Eg er jo då faktisk ein av få medlemmar i Hausten sin fanklubb. Eg tykkjer rett og slett det er herleg med mørke kveldar, stearinlys, varm te og pledd på sofaen. Rett og slett ei kosetid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar