torsdag 15. desember 2011

Til ettertanke i julekjøpestria....

Såg på Migrapolis på NRK her om dagen, syns det er eit veldig bra program faktisk. Denne veka handla det om fattigdom i Norge og såkalla "lavinntektsfamiliar", ein brukar jo ikkje ordet "Fattige" no til dags. Det var fint å få eit program med eit slikt fokus no midt i julegavekjøpegalskapen. For det er slik at ikkje alle har råd til å kjøpe noko særlig ekstra sjøl om det er jul her i oljelandet Norge. Vi fekk mellom anna presentert ei reportasje om ei aleinemor med ei datter som var kronisk sjuk, og som pga dette i perioder ikkje kunne jobbe så mykje. Som åleineforsørgar var ho nødt å tilbringe periodar på sjukehuset med dattera og då seier det seg sjølv at det ikkje vert så mykje inntekt. Det var fantastisk å sjå for ei nydelig jente ho hadde, svært "lisjevaksa" og fornuftig. Og ein annan familie med 5 born som det hadde rakna for. Det viste oss at det ikkje alltid er så mykje som skal til før det kan verte vanskeleg. Det er ikkje så enkelt at ein kan styre det sjølve. Då var frelsesarmeen god å ha. Dei gjer ein fantastisk jobb og gjer slik at mange både kan få seg julemat og gåver under treet. Tenk på det neste gong du går forbi frelsesarmeens julegryte.Pengane gleder så mange!

http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/812413/


Eg kjende det iallefall godt i magen etterpå, og her eg sete i den nye sofaen min med min nye laptop på fanget, føle eg meg vanvittig heldig som har det så godt på alle måtar. Pengar er ikkje alt, heiter det. Nei, men i dagens samfunn klarar ein seg ikkje utan.

søndag 11. desember 2011

Adventstid!


Tredje søndag i advent allereie! Julekvelden kjem vel som på kjerringa i år også, gitt. Nok ein gong har eg berre kjøpt ein brøkdel av julegavane og juleposten er eg ikkje begynt på ein gong. Vi pussar like gjerne opp kjøkkenet i julestria så er vi sikker på at vi ikkje kjedar oss. Men, det er no kjekt det! Diggar å pusse opp eg altså, og tenke seg til kor kjekt det vert å lage julemiddag på ny komfyr! Jippi! Men alt det andre greiene kjem liksom litt i bakevja... Vel,eg har iallefall klart å lage adventskalender til jentene, eller rettare sagt. Må hugse å henge opp fleire pakkar for i dag opna dei den siste av fyrste ladning. Også har vi baka pepperkaker, og pepperkakehus.
To gode jenter, djupt konsentrerte om bakinga.

Det siste bakte vi, pynta og kræsja på same dag... Litt ufrivillig, men akk så typisk meg. Eg såg for meg at det skulle bli eit skikkelig stilig hus med kvitt tak, og pynt i rosa og lilla. Det fyrste eg gjorde var å sprute melis og eggekvite utover kjøkkenet då eg skulle lage melisen. Neste var at ingenting ville sitte på det j... huset fordi eg sjølvsagt hadde hatt for lite melis i, eller kva det no var som eg gjorde feil. Og det heile enda med at huset sakte, men sikkert datt i hop... Kjekt for meg at niesa på snart tolv utbraut: "Tanta! Ditte er den kulaste pepperkakehus pyntinga eg har vore med på! Lage hus, pynting og kræsjing og eting på same kvelden! " ;-D Velge å tru at ho meinte det og ikkje berre ville trøste meg. Gode jenta!
Tja, hva kan man si?

Fine pepperkaker pynta av jentene.