torsdag 15. desember 2011

Til ettertanke i julekjøpestria....

Såg på Migrapolis på NRK her om dagen, syns det er eit veldig bra program faktisk. Denne veka handla det om fattigdom i Norge og såkalla "lavinntektsfamiliar", ein brukar jo ikkje ordet "Fattige" no til dags. Det var fint å få eit program med eit slikt fokus no midt i julegavekjøpegalskapen. For det er slik at ikkje alle har råd til å kjøpe noko særlig ekstra sjøl om det er jul her i oljelandet Norge. Vi fekk mellom anna presentert ei reportasje om ei aleinemor med ei datter som var kronisk sjuk, og som pga dette i perioder ikkje kunne jobbe så mykje. Som åleineforsørgar var ho nødt å tilbringe periodar på sjukehuset med dattera og då seier det seg sjølv at det ikkje vert så mykje inntekt. Det var fantastisk å sjå for ei nydelig jente ho hadde, svært "lisjevaksa" og fornuftig. Og ein annan familie med 5 born som det hadde rakna for. Det viste oss at det ikkje alltid er så mykje som skal til før det kan verte vanskeleg. Det er ikkje så enkelt at ein kan styre det sjølve. Då var frelsesarmeen god å ha. Dei gjer ein fantastisk jobb og gjer slik at mange både kan få seg julemat og gåver under treet. Tenk på det neste gong du går forbi frelsesarmeens julegryte.Pengane gleder så mange!

http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/812413/


Eg kjende det iallefall godt i magen etterpå, og her eg sete i den nye sofaen min med min nye laptop på fanget, føle eg meg vanvittig heldig som har det så godt på alle måtar. Pengar er ikkje alt, heiter det. Nei, men i dagens samfunn klarar ein seg ikkje utan.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar