onsdag 19. desember 2012

Mamma! Eg elska deg i tusen år!

Mannen og jentene er reist på juletrefest på skulen.  Jentene sprang fram og tilbake i stova i ein halvtime før dei fekk på seg julekjolane og drog avgarde. Så kjekt å sjå så oppglødde barn som verkeleg gler seg til det som skal skje. Eldstejenta syns det var synd at mamma ikkje skulle vere med, men snusfornuftig som ho er så skjønte ho kvifor det måtte vere sånn. "Du kan vere med når du ikkje har baby i magen lenger du, mamma". På med ytterkle, ut i mørket og rett før ho spring opp bakken til bilen så ropar ho:" Mamma! Eg elskar deg", medan ho held seg til hjertet. "Eg elskar deg i tusen år!".... *smelt*



I går bikka eg 33 veker! Eg kjenner at eg ikkje er så stressa for at babyen skal komme lenger, men håpar likevel at den har tenkt å vente ei god stund til. Problemet mitt er at eg ikkje føler meg noko spesielt tung enda så eg slit litt med å ta det med ro. Men, DET er vel strengt tatt eit luksusproblem.




Elendig bilde i dag, men gadd ikkje styre så voldsomt med saken... Magen vekse no iallefall :-D

No skal eg legge beina høgt etter ein innhaldsrik dag med lunsj på jobben, litt julehandel og to gærne jenter høge på juletrefest. Eg oppfordrar fleire til å gjere det same. Ta deg 5 minutt innimellom julestresset. Det gjer underverker :-) Take care!

fredag 14. desember 2012

Olav du må koma, julegåvene kjem!

Min nettshopping er begynt å bere frukter... Postmannen kom i dag på døra både med ferdige julekort ( Gler meg til å sende desse ut til folk. Syns dei vart så FINE!) og gåvene til jentene mine. Fantastiske sittesekkar frå Coocon couture. Må berre dele dei med dykk. Jentene mine les av naturlige årsakar ikkje bloggen min så då tek eg sjansen....

Raud, med sommarfugl. Endå finate i verkelegheita! 

Det var utsolgt for det motivet eg bestilte på denne, ein nydelig liten bambi, men fargen er den samme. 
Sittesekkane har eg blogga om tidlegare og er bestilt her.
Coocon couture er designa av Ingrid Daniell og Melanie McLeod (australske damer, trur eg), dei er sydde av kordfløyel med applikasjonar av vintage-stoff, og fins i mange ulike fargar for både jenter og gutar. Eg vurderte om eg skulle bestille dei i ein meir nøytral sand/brun farge, men følte eigentleg ikkje at det er heilt oss. Eg er litt for glad i fargar. Og, som mannen min sa då eg spurte om eg skulle velge ein meir nøytral farge "sånn at det ikkje stal så mykje merksemd i interiøret : "Skal det se ut som eit sånn dansk grått designhjem dette her?" (Han er frå Bergen så måtte skrive litt bokmål her...) Sant, så sant. Så då vart det med fargar. Punktum. No er eg veldig glade for at eg høyrde på han. Verkeleg fine!

No ventar eg berre på gåva til mannen. Eg er så fornøgd med den gåven!!! Han gjettar aldri kva det er :-D Hi hi... Meir kan eg ikkje skrive. Ellers nærmar vi oss ferdige med gåvene. I år har eg laga liste (har no verkeleg sånt å gjere), så då er det enkelt for ektemannen å utføre handlinga ettersom eg er ferdig oppbrukt med slikt etter 10 minutt for tida. Eg syns det er litt viktig å handle lokalt også så det som ikkje kjem med posten, vert kjøpt på Eid. Vi er storkundar hos bokhandelen der inne, Totland Libris som faktisk er ein av dei beste av sitt slag i landet! Det er eg overbevist om. Dei har noko for alle og dersom dei ikkje har det så bestiller dei det gjerne for deg. Til opplysning,  ikkje at alle får bøker i år altså ;-)

Ellers så vil eg oppfordre alle til å ikkje stresse så mykje no i førjulstida. Kos deg med dei små godene og senk krava :-D Ha ei strålande helg!

onsdag 12. desember 2012

Veke 32


God in heavens! Endeleg er eg koma til veke 32! Det føles rett og slett godt. Var på kontroll i går med både jordmora og gynekologen. Alt så bra ut, og ingenting som skulle tyde på at noko skal kome ut enda iallefall. Så då får eg berre ta det med ro vidare og passe på kynnarane mine. Og det skal no gå fint! :-) Det var ekstra stas å ha med småtrolla våre på ultralyden. Største storesyste syns det var kjempe spennande å få sjå og høyre hjertet som slo, og ein fot som sparka, medan minste storesyste holdt seg fyrst for øyrene og deretter for augene :-) Det blei litt for sterk kost med ein mann som styrte på med mammas nakne magen... 1800 gram beibi i magen no. Fyller godt opp, men fortsatt for liten til å komme ut, syns eg. Magen vekse og mamma skrumpa. Ikkje anna å vente når ein ete så jæskla sunt som eg gjer. Ein del av tida går med til dette:


Men heldigvis kan litt tid gå med til å kose seg med dette:


Fantastisk!!! Foreløbig er den som heiter dark og den med bringebær favorittane. Den i midten på bilete her, som er vanleg sjokolade, har ein litt kunstig ettersmak syns eg. I tillegg har vi laga heimelaga bounty med Stevia. Halleluja så gode! Oppskrifta finn du her. Anbefalast. Eg har funne ei oppskrift på sjokoladekjeks og marsipan med Stevia også. Ein kan jo ikkje berre fokusere på kva ein ikkje kan ete. Eg har heller funne ut noko eg kan kose meg med eg. Og etter å ha ete ting søta med Stevia så er blodsukkeret omtrent upåverka. Kor kult er ikkje det! :-D Det eg sliter litt med i denne dietten her er å la vere å drikke melk og ete for mykje frukt. Då fer blodsukkeret rett til himmels. Eg har jo drukke melk som ein kalv gjennom heile svangerskapet. Men, men, vatn er godt det også. I morgon skal eg til Førde på kontroll med ein overlege der som skal studere diabetesdagboka mi. Kjenner eg får heilt presentasjonsangst! Men det er jo godt at ein vert fulgt tett opp iallefall slik at ein unngår ein diger "sukkerbaby" på 5 kg. Tenk det då! Lille meg! Nei, då ete eg heller gulerøtter og drikke vatn i nokre veker altså. Eg er jo faktisk så heldig at eg er frisk att når beibien kjem ut.

Eg ynskjer alle ein herleg onsdag, med eller utan diett!

mandag 10. desember 2012

Laurdag hjå oss

Denne helga har vi kosa oss med pepperkakehus. Litt bilete frå "operasjon pepperkakehus". I år juksa vi og sette i hop eit ferdig eit frå Rema... Nokon hugsar kanskje at fjorårets prosjekt ikkje var like vellukka? ;-)

Flinke  pappa ordnar vindauge på kyrkja.

Andre gjorde seg klare med litt eting

Kjekt å pynte!

Fine Emma-svibelen tittar fram

Alle hjelper til.

Også ete litt til....

Og enda litt....

Ferdig! 

Etterpå var det dans og lytting til denne.

Og inga julestemning utan Putti, plutti, plott! "Nei, vi hakke tid, for vi må finne skjegget!" Vi e endeleg begynt å komme litt på moten att med våre tusen (minst) LP-plater. Eg elskar lyden av gamal vinyl! Vi har mange klassikara som vi kosa oss med no i julestria. Favorittane er nok denne, Bing Crosby og Skomakergata. Ultimate julestemninga!

Med dette seier eg vel overstått helg og god veke. Er de forresten klar over at vi no er i veke 50?! Året er jo snart slutt jo! To veker til jul. Eg gler meg!

fredag 7. desember 2012

Shop till you drop.

Eg har i denne førjulstida kosa meg med å handle på nettet. Fleire og fleire butikkar vert tilgjengelige her og for oss umobile er jo det superb! Det er jo også noko med det når ein har busett seg i huttiheiti. Eg tenkte eg måtte dele nokre fine sider og ting med dykk der ute.

I forgårs kom ein herleg pakke frå http://www.laredoute.no/. Verdens deiligaste strikkejakke som eg har flytta inn i no når det er så kaldt ute. Jakka kan du sjå her. Love it! No er det fri frakt og 40 % på bestillinga di. Special price for you. Eg er iallefall godt fornøgde med både handel og levering her.

Julekjolane til jentene fann eg her. Dei ligg desverre ikkje ute lenger, men raude kjolar med kvite hjerter på kan iallefall ikkje eg motstå :-) Raskt og enkelt hos Lindex.


Beklager elendig bildekvalitet, men sånn vart det i dag. Bad Cameraday.

Nettbutikken til hennes & mauritz kjem ein jo ikkje utanom heller. No er der stort 50 % salg på både det eine og det andre.

www.epla.no er ein annan favoritt. Her kan du finne noko til alle eigentleg. Utrulig enkelt å handle å handle her, stort sett billig porto og rask levering. Har funne nokre lure julegåver her, både til andre og meg sjølv...

Deilige tøfler med fleece inni. Desse kjem frå butikken Lykkeland på epla.no.


Søtaste toalettmappa av voksduk med, ja nettopp, raude hjerter... Can`t resist! Frå butikken zndesign på epla.


Så har du jo alle desse bildeframkallingsjulekort-nettbutikkane. Der fins det mange å velge i. Eg har brukt www.postfoto.no. Billig og bra. Har akkurat bestilt 100 (!) julekort der i frå og det kom på ca 400 kr. Det er jo greit! www.fotoknudsen.no er også bra å bruke syns eg. Har bestilt nokre fine bilete på lerret herifrå.

Ein annan favoritt er platekompaniet. Her finn eg alltid noko bra. Stort sett 30 kroner i porto og rask levering. Einaste eg har tabba meg litt ut på denne gongen er at eg har besilt noko så sjelden at eg har venta i snart ein måned på det... Måtte visst komme frå USA. Men den som ventar på noko godt ;-)

Så driv eg å sikla på noko fint til jentene til jul frå denne nettbutikken her www.toispann.no. Så mykje fint! Denne sittesekken foreksempel? Beautiful Butterfly! Også raude då...



Det fins jo tusen på tusen med butikkar på nettet, men eg tenkte eg berre ville anbefale stader som eg har erfaring med sjølv og som kan vere aktuelle no i julestria... Håper dette var nokre nyttige tips og del gjerne andre sider du er fornøgde med i kommentarfeltet!




onsdag 5. desember 2012

Du søte adventstid.

E kje det berre herlig? Eg elska denne førjulstida. Stjerner i vindauge og stjerner i barneauge.



Eg gledar meg minst like mykje til julekongen på NRK som jentene gjer. Fin serie altså! Julekalendaren var sjølvsagt på plass den 1. med pakkar og aktivitetar. Vi har laga ein vri i år med pakke ein dag og ein aktivitet dagen etterpå. Pakke annankvar dag, kan du seie. Det funkar veldig fint egentlig. Vi hadde lyst å ha aktivitetar kvar dag, men i år har vi rett og slett ikkje kapasitet til det så då gjorde vi det litt enkelt då. På ulike aktivitetar har vi skrive opp pynte pepperkakehus (og ja, vi har kjøpt eit ferdig på Rema som ein berre set saman sjølve...), varm melk med honning-kos til barne-tv, finne fram julekrubbe, lage julepynt, finne konglar i skogen også vidare. Det viktigaste er at det er overkommelig og ting ein kan gjere utan at ein tenkjer det vert stress i ein hektisk kvardag.

Den tradisjonelle julekalender, sydd av mamma til oss då vi var små. 


Måndag fekk eg besøk av Emma og vesle, søte Maria. Det var skikkelig koselig. Og Emma hadde med seg den finaste rugegaven! Heimelaga brød og ein julesvibel. Ein skikkelig "varm-i-hjertet"-presang :-D  Og brødet smakte kjempe godt! Mannen meinte det smakte "akkurat sånn som svigermor sitt brød" og DET er eit skikkelig kompliment!

Finaste rugepresangen!

I går nådde eg 31 veker. Halleluja! Det er så deilig etterkvart som vekene går no. Kjente eit snev av stress då eg tenkte på at minsta kom i veke 34+2. Det er j berre 3 veker til! Hjelpes! Eg er ikkja akkurat klar for det, så denne gongen skal vi komme oss lenger.

Liten tidlig baby med pustehjelp... Nettopp-født -mamma med bustesveis. 

Okei, dette blei jo et litt merkelig blandingsinnlegg med litt av kvart. Men, men... Kanskje den raude tråden er "ventetid"?

Ha ein strålandes 5.desember! :-D

fredag 30. november 2012

Mammaengelen.

I dag har eg hatt mammaen min på vaskebesøk. Utrulig herlig å kunne seie til mannen når han kjem heim at han slepp stove-vasken :-) Fine og snille mammaen min som ALDRI seie nei. Ein ekte mamma-engel! Tusen takk!

"Uff, må kje ta bilde! Eg e no so bustete på håret! ", sa mamman min. Ærlig talt. Eg syns du e fine eg, mor :-D 


Jammen godt å få gode hjelp i denne tida. Ikkje nok med at ho vaska, men ho kom i tillegg med to ulike heimelaga syltetøy som ho hadde laga. Sånn e ho mor.  :-D  Også har ho laga julekaker og sylteflesk og gudane veit! Heldige oss!

Eg har no nådd 30-vekers målet og er VELDIG letta for det! No har vi veke 32 som neste mål framfor oss og det går jo greit framover, kjenner eg. Syns nesten det går litt fort. I dag er det å lage til julekalender som står på plakaten. Tenk at det er 1.desember i morgon! Eg diggar desember! Det er jo berre kos heile vegen. Og eg syns det vert berre kjekkare og kjekkare no når eg har fått eigne born.


 Ha ei herleg adventshelg!

onsdag 14. november 2012

Sju-måneders seremonien

I nokre kulturar feirar dei visst ein sju-månaders seremoni når kvinna når veke 28 i svangerskapet. Det er over 90 % sjanse for at bornet overlever dersom det vert født no. Eg har ikkje malt kroppen, kledt meg i fjærpryd, dansa rundt bålet og spelt på bongatrommer, berre for å få det på det reine. Men har hatt ein liten seremoni med ein kopp grøn te og fjorten episoder av "Modern Family" som er min nye kvardagsunderhaldning. (Eg ler med skakk!) Eg må inrømme at eg kjenner meg nokre gram lettare (DET er sjølvsagt billedleg tala, for vekta viste tvertimot ein herleg oppgang sist eg sto på den. Og då i kilogram) Men det kjennest litt bra at eg er komen meg eit godt stykke på vegen no. For to veker sidan var vi redd rugetida var over og det bar ein tur til Førde, men heldigvis var det ikkje truande fødsel på gang. Endå større grunn til å ta det easy då. Så det gjer eg. Eg MÅ klare fire veker til iallefall!

Mamsen og bollen

Eg prisar meg lukkeleg for netthandel. Det er berre så herleg å kunne sitje her og kose meg med å kjøpe julegåver utan å traske rundt i butikkane. Fantastisk! Då får eg liksom planlagt og førebudd jula likevel, sjølv om eg er inmobil. I tillegg har eg bestilt meg Netflix. Halleluja! Det er berre ei super oppfinning! Dei køyrer ein mnd gratis prøve no så då kan ein sjekke ut om det er noko ein likar også avbestille etterpå. Smart! Anbefalast! Neste veke får vi oss ny tv som støttar Netflix så da kan vi sjå filmar og seriar direkte på tven. Eg gjer meg ende over. De skjønar kanskje at eg ikkje er så himla teknisk av meg og føler meg litt sånn "Nyfødt" her. Vi skal tross alt kvitte oss med 21 tommaren  frå 1998. Vert nok ein overgang. I tillegg slepp vi at jentene kranglar om å stå nærast tven når dei prøvar å sjå barne-tv. Stakkarane ser jo knapt kva det handlar om på den vesle skjermen og det seier litt når ein ett-åring faktisk klarar å dekke heile tv-skjermen...

Ellers strikkar eg. Strikkar og strikkar. Og drikk kaffi frå fine koppar. Humøret vert liksom litt betre av å drikke kaffi frå ein fin kopp. Også må eg ha raude negler. Rødt er energi og glede, tenkjer eg.


 Merkar jo på kroppen at eg har vore ineffekiv så lenge. Ein vert ikkje akkurat sprudlande og energisk av å sitje på ræven i soffaen. Men istadenfor å fokusere på at eg ikkje får gjort nokon ting og at eg lever litt på sida av det normale her, så tenkjer eg at eg gjer ein jobb. Eg held hus til eit lite menneske som skal vekse seg stor og sterk nok til å møte den store verda. Og det er ein knallhard jobb. Men ein viktig jobb. Eg gjer det iallefall med glede og føler meg priviligert som får lov til å ha eit barn i magen for 3.gong. Lucky me!

onsdag 24. oktober 2012

25 gode veker

Jauda, det hompa og går. Framover. Heldigvis for det. Magen har vore der i 25 veker no. Det er ein bitte liten sjanse for at babyen overlever viss den kjem ut. Noko som er betryggande sjølvsagt. Eg leste ein stad at dersom fødselen skulle byrje no vert alt som gjerast kan gjort for at lisjetassen skal klare seg. Godt å vere komt over den tida der det ville blitt reikna som ein seinabort. Kan ikkje tenke meg noko verre. Å ha gått med babyen i magen over halve tida også, dersom det skulle gå gale, så vert det reikna som ein seinabort. Fyttekatta!

I natt har eg hatt cirka 200 000 kynnara så merka godt at eg tåle lite gitt. Blei ikkje mykje soving. Like mykje på grunn av ein fireåring som vakna med jamne mellomrom og gret etter mamma og ein baby i magen som hadde teknoparty. Eg fekk ein kommentar frå min bror i dag, barnlaus vel og merke, "ja, det er no sjølvvalgt." He he he... Eg svarte berre at ja, det er no det, for det er jo sant. Men inni meg lo eg ganske høgt og noterte med store bokstavar: "NB! HUGS Å BRUKE DENNE KOMMENTAREN NÅR RETTE VEDKOMMANDE FÅR BORN SJØLV!..." Hi hi... Deilig å ha på lager, kjenner eg.
Eg får jo sove etter at gærningane er vekk på jobb og i barnehage om morgonen så det går jo fint det. Då har eg meir medfølelse for han eg er gift med som stort sett gjer alt for tida. Eg passar at babyen  held seg i magen og han passar på alt anna. Grei fordeling. Og sånn må det nesten vere.

Etter at fødeavdelinga vart lagt ned på Eid så er det no koma ei såkalla "God start-eining". Eg må seie at for å vere det nest beste så er dette veldig bra. Der er alltid ei jordmor på vakt, slik at sånne som meg som har rier og styr i tide og utide kan få komme inn for ein sjekk. Føles innmari trygt, må eg seie. Har allereie vore på eit kveldsbesøk der inne og det var så godt å sleppe å reise så langt! I tillegg får ein ha barseltida der og svangerskapskontroll. Kjempe! Det er utrulig godt å vite! Hadde vore noko anna om eg  måtte reise til Volda eller Førde kvar gong eg fryktar fødsel. Slitsomt berre å tenke på. Så er det no noko med dei søte jordmødrene som jobbar der inne då. Godt å møte noko som kjenner deg og historia di. Nei, eg må seie eg føler meg skikkeleg godt passa på denne gongen her.

Mor og kula i uniformen... Den varme, deilige Sirri-jakka i færøyisk ull er rett og slett fantastisk! 


Tida går innmari fort også. Mykje besøk og kos med ungan. Er ikkje akkurat det same med ruging no som då eg gjekk med fyrstemann og kun hadde meg sjøl å tenke på. Men syns jo det er kjekkare no! Det rosa teppet er ferdig og i tillegg har eg fått strikka litt anna småplukk. Vottar til Minsta foreksempel. Hu hei hvor det går!

Vottar str 1-2 år. Strikka i dobbel 2-tråds nøstegarn i eitt stykke og sydd saman etterpå.

lørdag 29. september 2012

Oppussing av lisjedoen

Vi drive å pussa opp litt her heime i huset. Eg er jo komen i ekstrem oppussingsmodus no. Må liksom få orden på alt. Det er sjølvsagt ikkje eg som gjer dette, men min stakkars mann med hjelp frå mine foreldre då. No er gangen snart klar. Skal leggje ut bilete når eg har fått skapet som skal stå der. Og då er det neste på tapetet (bokstaveleg talt) å tapetesere lisjedoen og få ny innredning der... Vi har valt ut ein tapet frå Borge som eg falt heilt for. Nydelig farge og mønster. Mønsteret kjem sjølvsagt berre på ein vegg. På resten kjem det ein einsfarga i same blånyansen.

Måtte berre dele dette fine tapetet med dåkke. 


Eg er so spent på resultatet! Kjem dobileter når vi har fått den opp på veggen...

Ha ei storslått helg!



torsdag 27. september 2012

Rugetid

Då har eg offisielt innteke rugestilling i sofaen og er klar for nokre månadar i slow motion. Og nei, eg skal ikkje ha kyllingar og klekke egg, men bere trygt og godt fram ein liten baby. Dei fleste som kjenner meg veit at eg ikkje akkurat er så veldig "slow motionic" av meg så det er ei lita utfordring endå kjenner eg. Makk i rompa og maur i baken, vil nokon seie. "Det kriblar i beina", seier eg. Formen er på topp og alt er tipp topp med både mor og barn. Vi veit ikkje heilt kva som er problemet mitt eigentleg, anna enn at  livmora er svært livlig til tider, litt for livlig kan man seie. Kynnarar, eller svangerskapsrier i tide og utide. Ein skal visst ikkje tulle med slikt, og det veit eg jo av erfaring ettersom eg fødte for tidleg sist gang. "Stor sjanse for at du gjer det igjen," seier dei. Ja,ja. Kva anna kan ein gjere då enn å gå inn i slow motion-modus. "I do nothing," e mitt nye motto. Så seie folk, "Guri altså, at du klare det...", "Eg hadde blitt heilt sprø om eg måtte sitte sånn.." !  Handla jo ikkje om kva eg vil og kan og har behov for, men om det vesle, nydelige vidunderet som eg har inne i magen og som eg har ansvaret for. Så alle sånne egoistiske tankar grev eg ned i hagen og tek opp igjen til våren. Ein har jo ikkje noko val akkurat. Alternativet kan jo bli å sitte ved ei kuvøse i 3 mnd, noko eg IKKJE har lyst til. Syns det var nok styr med 6 veker for tidleg. Ein vert kjend med ord som CPAP, oksygenmetning, Billirubin og lysbrett. Då følte eg meg heldig i forhold til dei foreldra som satt ved sida av minibabyen sin medan apparat peip og blinka... Eg skrur gjerne ned tempoet og håpar eg slepp det. Også hjelp det faktisk å ha folk som heiar på seg. Det har eg og det gjer veldig godt! Tusen takk til alle dåkke som kjem med sånne fine kommetarar! :-D

Thumbs up og friskt mot!


Så no når eg sit her så veit eg at eg må omstille hovudet litt. Eg tenkjer at ei liste over ting eg ikkje skal gjere og ei liste over det eg skal gjere er bra kanskje:..?

Eg skal IKKJE:
1. Syte og klage
2. Klage og syte
3.Syns synd på meg sjøl. FYSJ! Slap in the face!
4. Rydde ting som ligg på golvet. (Vanskelig!!! Akkurat no flyt det av aviser, leikar, osv som ei 1 år gamal tulle har kosa seg med... Sjå opp, IKKJE ned!)
5. Begynne på ein evigvarande Daim-avhengighet... Kan lett skje.
6. Berre sjå på tv og bli firkanta i trynet.
7. Bli ei sur gravid kjerring i soffaen.
8. Trene eller gjere andre fysiske greier. Gud forby. Det kan vi gjere etterpå.
9. Bli crazy oppussings-bygge-rede-bitch. Uff, merka tendensane allereie.
10. Bli gløymt av vener og familie sjølv om eg har gått under jorda for ei stund.

Eg skal:
1. Tenke positive tankar kvar dag!
2. Drikke mykje te og ete mykje mørk sjokolade. For det er ein grønsak, nemleg.
3. Sjå mykje på skit-tv, som eg kallar det. Berre ikkje heile tida...
4. Strikke, strikke, strikke.
5. Lære meg å lage album med sånn CEWE-greier og få framkalt bilder frå dei siste ti åra.
6. Blogge meir
7. Kose meg med kvardagslukka mi.
8. Vere ei tålmodig og pedagogisk mor. (Kan vere ei utfordring når hormonane brusar i blodet og trassen når nye høgder.
9.få nok søvn, ete sunt og få frisk luft.
10.lese bøker, helst litt anna enn krim, meir romanar. Har begynt på kompani Orheim no, verkar lovande.

Neida, veit ikkje om vi får jente, men har tenkt å strikke eit rosa og eit blått teppe så får vi sjå kva farge vi brukar... 


Mor og magen.

Eg måtte ta alle bileta med telefonen i dag, fant ikkje kameraet... Ha ein fin kveld! :-D

søndag 2. september 2012

Sjokolade!

Visste du at mørk sjokolade tel som ein grønsak? Mørk sjokolade, så snakkar vi om MØRK sjokolade, inneheld plantestoff, mineraler og antioksidantar på same planet som grønsaker. Er ikkje dette gode nyheiter så veit ikkje eg!

Bilete frå nett


Kostholdsdame og lege Berit Nordstrand skriv om det på bloggen sin som du finn her http://fraiva.no/. Det finst haugevis av matguruar rundt omkring og mange syn på kva som er rett mat for ditt og datt. Lavkarbo meg her og raw food meg der. Men, etter å ha lest ein del forskjellege meiningar så synest eg at Berit Nordstrand er ei veldig fornuftig dame. Ho snakkar mest om vanleg, men sunn mat og det likar eg.

Men det må no ligge noko i at "vi blir hva vi spiser" eller? Sjølv har eg vore på jakt etter energi og mat som min mage vil ha og tåler ikkje minst. Og med min nærmaste sin hjertesjukdom for eit år sidan  tenkte eg at her må vi ta grep og ikkje kaste vekk kroppen på å ete "skit". Det skal her seiast at hjertesjukdomen ikkje hadde noko med livstil eller kosthold å gjere.  Men det er no ein gong slik at mat er kroppen vår sine byggjesteinar og då fortjenar jo den å få noko som den kan ha nytte av og som ikkje bryt den ned. Og det er heller ikkje å stikke under ein stol at med den livstilen folk har i dag med stress, full fart og mykje skitmat så er det også mange som slit med hjerte- og karsjukdomar, diabetes og andre livstilsjukdomar. Blablabla. Kjenner berre at eg vert skikkeleg engasjert her.

Vel, mitt bodskap denne gongen var eigentleg berre at mørk sjokolade er bra, og det gjer meg GLA! Ein kan faktisk ete litt kvar dag med god samvit. Skikkeleg glanyheit! Spesielt for meg som har større søthug enn ever for tida! Dissa hormonane altså.

Bilete frå nett
 

I`m alive!

Oi, oi, oi... Her har det visst blitt ei lita bloggepause gitt. Hmmm.... Va visst nokon hormona og greier som kom inn i bilete... Igjen... Ja, ja... Sånn er det. Blei visst ikkje så mykje energi til blogging. Men tenker å kome tilbake igjen no. Jauda. Heilt sikkert.

onsdag 16. mai 2012

Hurra for 17.mai!

Eg fann ut at eg måtte fikse noko pynt til oss jentene i måra. Så då heiv eg meg rundt og hekla nokre blomar. Gu, så kjekt med ting som er gjort i ein fei. Enkelt og effektivt! Og så vart det no retteleg fint også. No er vi klare for nasjonaldagen med mors "blomeheklorasjonar" :-D


Mor trengte 17.mai sløyfe. Butikken stengt, då mekker vi sjæl...


Merkelig opp-ned bilete... Kanskje rart med gul knapp, men matcer jentene sin pynt. Tusenryd, da vettu... Kvit, hekla blomst festa på ei dobbel sløyfe med ei sikkerhetsnål på baksida.


Søte blomar til museflettene. Hadde ikkje noko hårstrikk å feste dei på så brukte liksågodt buksestrikk.



Liten bloma på lita hårklemme til minstefrøken. Klemme med rosaprikkar er kanskje ikkje det finaste, men man tager hva man haver...

Gratulerer med 17.mai til alle og einkvar!

søndag 13. mai 2012

Se min kjole...

Til min 30-års dag fekk eg sy-maskin med vener og familie, og no har eg endelig komt litt i siget med sy-maskina mi. Har gått å ruga på forskjellige prosjekt og fekk nokre timar med sy-kos ein dag vesla sov ein god formiddagslur. Resultatet vart eit lite Luddeforkle.

Mønster fant eg i boka "SikkSakk"  av May B. Langhelle og stoffet har eg kjøpt på Åhlèns. Ein koseleg liten forkle-kjole til ei lita frøken.

Klippe klippe klippe

Å sy knappehol går som ein leik med verdas smartaste knappeholsfot!
Ferdig!

tirsdag 24. april 2012

Loppis-dilla

I helga var eg med å arrangere loppemarked i Kjølsdalen. Mykje fine lopper og veldig kjekt! Har savna eit skikkeleg loppemarked her omkring og då kan ein jo like gjerne arrangere sjølve. Flinke Jannike og Kine er like loppis-galne som eg så dei tok initiativet til å stelle i stand. Eg slengde meg sjølvsagt på. Samfunnshuset fekk inn ein god slump peng og vi var strålande fornøgde oppi alle loppene.

Eg kjøper omlag alltid vaser når eg er på loppis, og denne gongen var intet unntak....

Elskar fargen og formen!

Fine, kvite vasen.

Måtte ta med eit bilete av denne ittala-vasen som eg fant på Loppis i Måløy, strengt tatt nesten gratis.  Eg smilte heile vegen heim...

onsdag 11. april 2012

Gamal stol i ny prikkete drakt.

Endeleg har eg fått ferdig stolprosjektet mitt. Kjøpte to gamle stolar for 50 kr stk på ein bruktbutikk i Ørsta som har venta på å få kome fram i lyset. No lyser dei opp på kjøkenet vårt med sine nydelige prikkar... Det er jo ingen hemmelighet at eg er svak for det prikkete...

Stolane pussa eg fyrst over med ein fint sandpapir. Deretter grunna eg dei med heftgrunn og malte dei med golvmaling. Det er ei heilt genial, litt blank maling som er ekstra slitesterk og derfor ypperleg å måle møblar med. Vert ei glatt og fin overflate. Stoffet som eg har trekt opp att putene med var ein billeg rest eg fant på Åhlens ein gong. Eit litt tjukt stoff som egna seg perfekt!

Eg vart reint så nøgde med resultatet!


Fine, men brune stolen. Desverre uten pute, den var lyseblå/beige rutete strieaktig...
Lys og fin!
Polkadots
No treng eg berre eit rundt, kvitt kjøkenbord så er kjøkkenmøblemanget i boks. Men det må eg sjølvsagt kjøpe brukt og male så det tar vel si tid... ;-)