mandag 2. januar 2012

Jul, jul, strålende jul.

Eit lite sølvhjerte frå den jule-pynta lerkegreina mi som lyser opp i gangen.


Då var jula over for denne gong. Fort kom ho og fort gjekk ho. Vi har kosa oss med familie og MYKJE stearinlys. I år lagde vi ny tradisjon på julekvelden og inviterte mor, far og bror heim til oss. Mamma rekna ut at dei hadde feira jul 40 år i eige hus så no var det vel på tide at vi tok over... Det er rart med det når ein forandrar på slikt som ein har vore vane med så lange. Men vart no verkeleg triveleg med julemat på nytt spisebord og julestemning i nyoppussa stove og akkurat ferdig,brukbart kjøken. Kjøkenet er ikkje ferdig, ferdig. Men vi kobla til vatnet lillejulafta så vi kunne i allefall lage mat der... Ei god stemning og ein herlig kveld!
Hmmmm... Skeptisk til julematen? Veslebror ser meir fornøgde ut.
Søtnosane spente på pakkane!
Alle på Sætra samlast til julekveldskaffi etter middag og pakker. Vanligvis går vi rundt juletreet, men i år sov dei minste og få var heime for julefeiring så det får vi ta att neste år.

Julenissen kom heilt frå Sverige i år!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar