onsdag 4. januar 2012

Nytt år og friskt mot!

Svosj så var 2012 her. Ingen flygande bilar eller hotell på månen slik ein kanskje trudde då vi var små på 80-talet, men teknologien er no nokre hakk heftigare no likevel. Godt er no det slik at eg kan blogge litt. Eg har sjølvsagt nyttårsforsett, som alltid, men i år har eg eit ganske realistisk eitt. Eg skal rett og slett berre fortsetje med den gode treningssteamen eg var inne i før jul. So far so good, med shake-shake på Zumba i går kveld. Men eg er litt opptatt av at vi må ut også. Med vi meinar eg ungane og mor. Så i går og i dag var Live og mor ute på gåtur med bæremeisa. Jammen gjorde det godt og Live vart så raud og frisk i kjakane sine. O, du freidige mot! Håpe vi klara å gjere det når veiret er ok.
Sidan eg no har begynt eit nytt og betre liv med trening vil eg tipse om ei bra nettside med mange gode tilbud på sportsstæsj.

www.gmax.no

Altså, fortsettet mitt gjeld kun trening, ikkje noko sånn lavkarboskit. Det syns eg rett og slett er galskap! Så fekk eg sagt det også... Ha ein fortreffelig dag og kom deg ut av soffan. Det er så deilig å sette seg ned etterpå når ein veit at ein har trimma seg litt ;-D

2 kommentarer:

  1. Så kjekt å lese bloggen din, Heidi Beate!
    Fint namn på han også.
    Ynskje deg og familien alt det beste for 2012!

    SvarSlett
  2. Tusen takk, Laila :-D Same ynskje for deg og dine!

    SvarSlett