torsdag 5. januar 2012

Ut på tur.

I dag har minstemann, bestemor og mor vore på trimmetur ute i snøen. Det var så deilig! Frøkna kosa seg i bæremeisa.



Vi tok beina fatt i staden for ski, men brukte stavar. Føltes etterkvart som å gå på tjukkas så vi måtte gje oss. Eg kjente det godt i rævmusklane som eg kalla det, eller setemusklene som det heiter på fint.

Spreke bestemor på tur!


Det gjorde susen å ha ti kilo ekstra på ryggen, men bæremeisa er god å bære så det går greit. Den er sjølvsagt kjøpt på Fretex til den nette sum av 250 kr. Den har jammen vore flittig brukt. Ein treng ikkje kjøpe det dyraste og beste for å komme seg ut. Det er jo ikkje sikkert utstyret vert brukt likevel... Forresten så er dressen til vesle snuppa arva av tremenningane, men den funkar like fint for det om. Eg har jo skjønt at det er Reima som teller og for all del, dei er kjempegode. Men himmel og hav, dei kostar jo skjorta pluss litt til. Eg har ein Reimadress som ho skal bruke når ho byrjar i barnehagen som eg kjøpte til eldstejenta til halvpris  Den får funke til ein liten tass til. På beina har ho skikkelege "babysko" frå refleks med ull inni og regnstoff utanpå. Det er kjempe viktig å halde føtene til småttisen varme, og ho vert så fort kalde på både hender og føter ho her.  Dei er kjempe gode og er ein julegåve som vil verte flittig brukt. Tusen takk til besten og bestemora for dei!

Snorkfrøken

Moralen i dag er; utstyr treng ikkje vere nytt og koste mykje penge for at ein skal komme seg ut på tur. Halleluja! Så fekk eg fletta inn litt miljøvern og grøn tenking i dette innlegget også. No vert det fiskeburger til middag. Ha ein forteffeleg kveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar