tirsdag 28. februar 2012

Tysdagkveld frå soffaen...

Eg sit her i sofaen og kjente at eg begynte å syns litt synd i meg sjøl. Hadde endeleg blitt kvitt lungebetennelsen og ribbebeina kjentes bra ut etter tre veker med host og hark, så BAM kvalmesykja midt i fleisen med energien på botnen att. Har hatt ei herleg veke i Bergen med familie og vener i mellomtida altså, men no er begge småjentene mine sjuke og mor litt slått ut. Som kronen på verket klarte eg å ramle ned trappa i dag med eit brak og sit her med ein skikkeleg forslått og vond rygg. Egentlig lika eg ikkje syting og eg kjenne eg vert nesten i dårleg humør av å lese det eg sjøl, sytekjerringa, har skrevet. Men, kva er då betre enn å fortsetje bloggen med litt kvardagskos og små gleder.

Eg tenkte det at sidan eg sat slik i mi eiga sjølvmedlidenhet så måtte eg skjerpe meg litt og heller kose meg no når eg set her med fyr på peisen. Difor erklærer eg herved sytinga for over og ut, og tek meg heller eit heimelaga knekkebrød med brunost, litt te og slår på ein eller anna skitkanal. jippi, matprogram på TV3 ( I love matprograms), One Three Hill på TVN og etter det Sherlock (Fantastisk Serie) på NRK1. Jammen, dette går jo så fint atte! Eg kjenner humøret stige her eg sit i takt med at Pukka-teen vert supa nedpå. Då vart det ikkje så gale likevel då.

Min nye favoritt!

Nam nam!

Fyr på peisen.

Stearinlys hjelper alltid på humøret.

Eit lite lue-prosjekt. Oppskrift frå Sparkjop.no.Takk for tipset, Anita!




Så vart dette kanskje eit innlegg med ei lita oppskrift for å komme i betre humør om du har ein litt dårleg dag... Oppsummering: Dritt humør kan kurerast med litt god brunost, ein kopp te, stearinlys, fyr på peisen og lett underhaldning på tv-en. Ha ein fortreffeleg kveld! :-)

torsdag 9. februar 2012

Kaffi og kreativitet.



Det har ikkje blitt blogga på ei stund her. Dei siste to vekene har gått med til ein lei forkjølelse som ikkje vil sleppe taket så energien har vore litt sånn skrudd av for å seie det sånn. Med ein 10 mnd gamal fullfart-baby så vert det liksom nok å bruke energien på det. Ikkje akkurat å leggje seg under teppe på sofaen og vente på at forkjølelsen skal gå over. Men, men, ein dag må det no ta slutt og i dag kjenner eg faktisk at eg kan sette meg i 2.gir så då går det vel mot betre tider :-D Også hjelpe det jo alltids med litt kaffi.... Koppen på bilete fekk borna mine i gåve frå fine Hanne som bur på Voss. Perfekt for morgenkaffi. Takk for koppen, Hanne og takk for tipset, Thea :-D.

Ellers har eg prøvd å vere litt kreativ i det siste. Har ei kasse med garn som eg har samla på opp igjennom og har no bestemt meg for å bruke opp noko av det. Denne gongen var det rosa tråd frå eskimo og ein rest av totråds frå nøstebarn som vart til to luer til prinsessene mine. Oppskrifta på lua kom frå mitt hovud, men blomsten fann eg oppskrift på i Eplas Jul, men har brukt tjukkare heklepinne og tråd enn i oppskrifta.





Det skal seiast at den største prinsessa fekk ei hue som var litt for liten så den må eg gjere noko med, Hekle på ein kant kanskje?

Eg har også byrja på strikkekurs og her strikkar eg noko som eg ikkje skal røpe. Nokon som kan gjette kva eg produserer? ;-D

Ja, det har noko med kroppsdelar å gjere og nei, ikkje den mannlege....

Ha ein fortreffeleg torsdag!