torsdag 9. februar 2012

Kaffi og kreativitet.



Det har ikkje blitt blogga på ei stund her. Dei siste to vekene har gått med til ein lei forkjølelse som ikkje vil sleppe taket så energien har vore litt sånn skrudd av for å seie det sånn. Med ein 10 mnd gamal fullfart-baby så vert det liksom nok å bruke energien på det. Ikkje akkurat å leggje seg under teppe på sofaen og vente på at forkjølelsen skal gå over. Men, men, ein dag må det no ta slutt og i dag kjenner eg faktisk at eg kan sette meg i 2.gir så då går det vel mot betre tider :-D Også hjelpe det jo alltids med litt kaffi.... Koppen på bilete fekk borna mine i gåve frå fine Hanne som bur på Voss. Perfekt for morgenkaffi. Takk for koppen, Hanne og takk for tipset, Thea :-D.

Ellers har eg prøvd å vere litt kreativ i det siste. Har ei kasse med garn som eg har samla på opp igjennom og har no bestemt meg for å bruke opp noko av det. Denne gongen var det rosa tråd frå eskimo og ein rest av totråds frå nøstebarn som vart til to luer til prinsessene mine. Oppskrifta på lua kom frå mitt hovud, men blomsten fann eg oppskrift på i Eplas Jul, men har brukt tjukkare heklepinne og tråd enn i oppskrifta.





Det skal seiast at den største prinsessa fekk ei hue som var litt for liten så den må eg gjere noko med, Hekle på ein kant kanskje?

Eg har også byrja på strikkekurs og her strikkar eg noko som eg ikkje skal røpe. Nokon som kan gjette kva eg produserer? ;-D

Ja, det har noko med kroppsdelar å gjere og nei, ikkje den mannlege....

Ha ein fortreffeleg torsdag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar