fredag 16. mars 2012

Prikkesykja og Vår!

Ja, då har vi fått vannkoppane i hus. Og det var jo slett ikkje så avskrekkande som ein skulle tru. Eldstesnupp site her i soffaen med kvite prikkar av salve utanpå raude små. Men heldigvis er ho i bra form, utan feber og faktisk ganske blide så vi har no vore heldige vi. Vesla kjeme vel etterpå tenker eg så vert spennande å sjå om ho slepp like lett unna.

Ute skinne sola i dag på ein nydeleg vårmorgon. Eg elskar våren! Kjenner eg vert reint våryr og får lyst å springe ute i sola med flagrande gevantar! Hi hi... Neida. Jaudå! Men det er noko med den der våren her oppe på fjellet. Då har vi hatt snø leeeenge etter at alle andre ved sjøen har hatt bar mark i vekesvis og vi lengtar etter det same. Så, plutseleg er snøen borte og vi får lyst å ha på joggesko og springe i skogen, leite etter kvitveis og hoppe strikk.

Vår på Sætra


 Barndomsminna kjem tilbake! Då hadde vi jo vårrituale med å springe ute i strømpebukse og skjørt imed joggesko på beina. Det var herleg det! Vi hadde faste plassar der vi visste kvitveisen vaks og kvar den kom tidleg, så desse plassane måtte sjekkast med jamne mellomrom. Eg gjekk ikkje i barnehage eg, men leika heime med Øyvind-broren som berre er 15 mnd yngre eg meg. Og to fine søskenbarn jenter, Unni og Anita!  Og kjekt hadde vi det!

Fyrste sikre vårteikn :-D


I går hadde vi skikkeleg innedag her, til Vårin sin fortvilelse. Ho ville berre UT! "Å, mamma!", sa ho. " Kroppen min vil berre ut!", "Kroppen VIL ut!" Då måtte mamma vri hovudet litt og finne på nokon kjekke ting. Kanskje er det nokon tips å dele til andre?

Vi lagde hytte av stolar og stretchlaken i stova. Der flytta raskt dukkene inn :-) Så steikte eg sunne lappar som vi åt med røme og bringebærsyltetøy. Eg lagde piknik i stova for å gjere det litt meir spanande. Eg fant ein rutete duk som eg la på golvet, Vårin dekka på og så koste vi oss skikkeleg foran peisen. Vesla gjorde sitt beste for å sabotere, men så lenge ho var opptatt med å tygge så gjekk det greit ;-D På loftet har eg ein stor sekk med utkledningskle som eg tek fram av og til så denne kom fram i går. Veldig kjekt for ein tre-åring. Vi hadde også ein seanse med trolldeig-baking. Det er utrulig enkelt å lage og veldig kjekt å leike med.

Oppskrift på trollete trolldeig:

3 dl kveitemjøl
1 dl salt
1 dl vatn
litt matolje

Dersom du vil steike vakre produkt gjer du det på 180 grader i 8-10 min. Etterpå kan ein male med hobbymaling. Eller du kan oppbevare deiga i ein pose i kjøleskapet.

Også oppskrift på lappane (Gud, ka sunt!)

4 egg
1/2 dl sukrin eller vanleg sukker om du vil.
50 g havregryn
100 g soyaflokker (helsekost)
100 g sammalt rug
2 ss olivenolje
2 1/2 dl skumma kultur
ca 1 dl ekstra lett melk

Rør alt saman og la det stå i ca 30 min. Kan også lage vafler av same smørja. Kan også serverast med avsilt yoghurt naturell, honning, nøtter og kva du måtte finne på. Men er veldig godt med noko syrleg og søtt til. Vi brukte cottage cheese, røme og syltetøy.

I dag har eg lova Vårin at vi skal ta ein tur ut å gå litt. Deilig! Vårin i Vårsola.

Ha ein fin Vårdag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar