tirsdag 24. april 2012

Loppis-dilla

I helga var eg med å arrangere loppemarked i Kjølsdalen. Mykje fine lopper og veldig kjekt! Har savna eit skikkeleg loppemarked her omkring og då kan ein jo like gjerne arrangere sjølve. Flinke Jannike og Kine er like loppis-galne som eg så dei tok initiativet til å stelle i stand. Eg slengde meg sjølvsagt på. Samfunnshuset fekk inn ein god slump peng og vi var strålande fornøgde oppi alle loppene.

Eg kjøper omlag alltid vaser når eg er på loppis, og denne gongen var intet unntak....

Elskar fargen og formen!

Fine, kvite vasen.

Måtte ta med eit bilete av denne ittala-vasen som eg fant på Loppis i Måløy, strengt tatt nesten gratis.  Eg smilte heile vegen heim...

onsdag 11. april 2012

Gamal stol i ny prikkete drakt.

Endeleg har eg fått ferdig stolprosjektet mitt. Kjøpte to gamle stolar for 50 kr stk på ein bruktbutikk i Ørsta som har venta på å få kome fram i lyset. No lyser dei opp på kjøkenet vårt med sine nydelige prikkar... Det er jo ingen hemmelighet at eg er svak for det prikkete...

Stolane pussa eg fyrst over med ein fint sandpapir. Deretter grunna eg dei med heftgrunn og malte dei med golvmaling. Det er ei heilt genial, litt blank maling som er ekstra slitesterk og derfor ypperleg å måle møblar med. Vert ei glatt og fin overflate. Stoffet som eg har trekt opp att putene med var ein billeg rest eg fant på Åhlens ein gong. Eit litt tjukt stoff som egna seg perfekt!

Eg vart reint så nøgde med resultatet!


Fine, men brune stolen. Desverre uten pute, den var lyseblå/beige rutete strieaktig...
Lys og fin!
Polkadots
No treng eg berre eit rundt, kvitt kjøkenbord så er kjøkkenmøblemanget i boks. Men det må eg sjølvsagt kjøpe brukt og male så det tar vel si tid... ;-)

mandag 9. april 2012

Loppis

Vel overstått påske, Folkens! Her har det vore ei herleg påske med mykje avslapping, skigåing, krim, vin og MASSE sjokolade. No byrjar kvardagen att.

Eg eeeeeelskar Loppemarked! Det gjer meg rett og slett lukkeleg å gå på loppemarked, tråle gjennom alt etter fine skattar og rare krimskramserier... Eg har funne mykje fint opp igjennom. Var på loppis på Bryggja for ikkje lenge sia og fant nokre småsaker som stod der og ropte på meg. Eg var sjølvsagt ikkje vanskeleg å be. Stakkarane. Dei trengte jo ein ny heim å vere i. Ein med mykje kjærleik. Hugleik. Då måtte det bli meg då...

Nydeligaste tulipanskåla.


Ekstra kjekt er det når eg finn skattar som eg har noko av heime. Som denne vesle krukka. Eg har arva ei skål etter besta mi. Og no kunne den få selskap! Så koselig!

Så søte saman!

Jada. Ikkje nokon fotoblogg dette akkurat, men det har eg heller ikkje skrytt på meg.... Betre med litt dårlege bilder enn ingen bilder, eller?

21. april er det loppemarked i Kjølsdalen samfunnshus! Tenk så kjekt! Eg gler meg allereie!