mandag 9. april 2012

Loppis

Vel overstått påske, Folkens! Her har det vore ei herleg påske med mykje avslapping, skigåing, krim, vin og MASSE sjokolade. No byrjar kvardagen att.

Eg eeeeeelskar Loppemarked! Det gjer meg rett og slett lukkeleg å gå på loppemarked, tråle gjennom alt etter fine skattar og rare krimskramserier... Eg har funne mykje fint opp igjennom. Var på loppis på Bryggja for ikkje lenge sia og fant nokre småsaker som stod der og ropte på meg. Eg var sjølvsagt ikkje vanskeleg å be. Stakkarane. Dei trengte jo ein ny heim å vere i. Ein med mykje kjærleik. Hugleik. Då måtte det bli meg då...

Nydeligaste tulipanskåla.


Ekstra kjekt er det når eg finn skattar som eg har noko av heime. Som denne vesle krukka. Eg har arva ei skål etter besta mi. Og no kunne den få selskap! Så koselig!

Så søte saman!

Jada. Ikkje nokon fotoblogg dette akkurat, men det har eg heller ikkje skrytt på meg.... Betre med litt dårlege bilder enn ingen bilder, eller?

21. april er det loppemarked i Kjølsdalen samfunnshus! Tenk så kjekt! Eg gler meg allereie!

2 kommentarer:

  1. Sååå kjekt!! Visste ikke at du hadde blogg! Jeg har lagt meg som følger og gleder meg til å lese mer om livet på Erviksætra:-) Fin fin blogg!

    masse klemmer fra Wibi

    SvarSlett
  2. Tusen takk! Så koselig å få tilbakemeldig då :-) Følge din blogg med og blir heilt månebedåtten av alt du laga! Håpe vi sjåast snart! kos

    SvarSlett