lørdag 29. september 2012

Oppussing av lisjedoen

Vi drive å pussa opp litt her heime i huset. Eg er jo komen i ekstrem oppussingsmodus no. Må liksom få orden på alt. Det er sjølvsagt ikkje eg som gjer dette, men min stakkars mann med hjelp frå mine foreldre då. No er gangen snart klar. Skal leggje ut bilete når eg har fått skapet som skal stå der. Og då er det neste på tapetet (bokstaveleg talt) å tapetesere lisjedoen og få ny innredning der... Vi har valt ut ein tapet frå Borge som eg falt heilt for. Nydelig farge og mønster. Mønsteret kjem sjølvsagt berre på ein vegg. På resten kjem det ein einsfarga i same blånyansen.

Måtte berre dele dette fine tapetet med dåkke. 


Eg er so spent på resultatet! Kjem dobileter når vi har fått den opp på veggen...

Ha ei storslått helg!



torsdag 27. september 2012

Rugetid

Då har eg offisielt innteke rugestilling i sofaen og er klar for nokre månadar i slow motion. Og nei, eg skal ikkje ha kyllingar og klekke egg, men bere trygt og godt fram ein liten baby. Dei fleste som kjenner meg veit at eg ikkje akkurat er så veldig "slow motionic" av meg så det er ei lita utfordring endå kjenner eg. Makk i rompa og maur i baken, vil nokon seie. "Det kriblar i beina", seier eg. Formen er på topp og alt er tipp topp med både mor og barn. Vi veit ikkje heilt kva som er problemet mitt eigentleg, anna enn at  livmora er svært livlig til tider, litt for livlig kan man seie. Kynnarar, eller svangerskapsrier i tide og utide. Ein skal visst ikkje tulle med slikt, og det veit eg jo av erfaring ettersom eg fødte for tidleg sist gang. "Stor sjanse for at du gjer det igjen," seier dei. Ja,ja. Kva anna kan ein gjere då enn å gå inn i slow motion-modus. "I do nothing," e mitt nye motto. Så seie folk, "Guri altså, at du klare det...", "Eg hadde blitt heilt sprø om eg måtte sitte sånn.." !  Handla jo ikkje om kva eg vil og kan og har behov for, men om det vesle, nydelige vidunderet som eg har inne i magen og som eg har ansvaret for. Så alle sånne egoistiske tankar grev eg ned i hagen og tek opp igjen til våren. Ein har jo ikkje noko val akkurat. Alternativet kan jo bli å sitte ved ei kuvøse i 3 mnd, noko eg IKKJE har lyst til. Syns det var nok styr med 6 veker for tidleg. Ein vert kjend med ord som CPAP, oksygenmetning, Billirubin og lysbrett. Då følte eg meg heldig i forhold til dei foreldra som satt ved sida av minibabyen sin medan apparat peip og blinka... Eg skrur gjerne ned tempoet og håpar eg slepp det. Også hjelp det faktisk å ha folk som heiar på seg. Det har eg og det gjer veldig godt! Tusen takk til alle dåkke som kjem med sånne fine kommetarar! :-D

Thumbs up og friskt mot!


Så no når eg sit her så veit eg at eg må omstille hovudet litt. Eg tenkjer at ei liste over ting eg ikkje skal gjere og ei liste over det eg skal gjere er bra kanskje:..?

Eg skal IKKJE:
1. Syte og klage
2. Klage og syte
3.Syns synd på meg sjøl. FYSJ! Slap in the face!
4. Rydde ting som ligg på golvet. (Vanskelig!!! Akkurat no flyt det av aviser, leikar, osv som ei 1 år gamal tulle har kosa seg med... Sjå opp, IKKJE ned!)
5. Begynne på ein evigvarande Daim-avhengighet... Kan lett skje.
6. Berre sjå på tv og bli firkanta i trynet.
7. Bli ei sur gravid kjerring i soffaen.
8. Trene eller gjere andre fysiske greier. Gud forby. Det kan vi gjere etterpå.
9. Bli crazy oppussings-bygge-rede-bitch. Uff, merka tendensane allereie.
10. Bli gløymt av vener og familie sjølv om eg har gått under jorda for ei stund.

Eg skal:
1. Tenke positive tankar kvar dag!
2. Drikke mykje te og ete mykje mørk sjokolade. For det er ein grønsak, nemleg.
3. Sjå mykje på skit-tv, som eg kallar det. Berre ikkje heile tida...
4. Strikke, strikke, strikke.
5. Lære meg å lage album med sånn CEWE-greier og få framkalt bilder frå dei siste ti åra.
6. Blogge meir
7. Kose meg med kvardagslukka mi.
8. Vere ei tålmodig og pedagogisk mor. (Kan vere ei utfordring når hormonane brusar i blodet og trassen når nye høgder.
9.få nok søvn, ete sunt og få frisk luft.
10.lese bøker, helst litt anna enn krim, meir romanar. Har begynt på kompani Orheim no, verkar lovande.

Neida, veit ikkje om vi får jente, men har tenkt å strikke eit rosa og eit blått teppe så får vi sjå kva farge vi brukar... 


Mor og magen.

Eg måtte ta alle bileta med telefonen i dag, fant ikkje kameraet... Ha ein fin kveld! :-D

søndag 2. september 2012

Sjokolade!

Visste du at mørk sjokolade tel som ein grønsak? Mørk sjokolade, så snakkar vi om MØRK sjokolade, inneheld plantestoff, mineraler og antioksidantar på same planet som grønsaker. Er ikkje dette gode nyheiter så veit ikkje eg!

Bilete frå nett


Kostholdsdame og lege Berit Nordstrand skriv om det på bloggen sin som du finn her http://fraiva.no/. Det finst haugevis av matguruar rundt omkring og mange syn på kva som er rett mat for ditt og datt. Lavkarbo meg her og raw food meg der. Men, etter å ha lest ein del forskjellege meiningar så synest eg at Berit Nordstrand er ei veldig fornuftig dame. Ho snakkar mest om vanleg, men sunn mat og det likar eg.

Men det må no ligge noko i at "vi blir hva vi spiser" eller? Sjølv har eg vore på jakt etter energi og mat som min mage vil ha og tåler ikkje minst. Og med min nærmaste sin hjertesjukdom for eit år sidan  tenkte eg at her må vi ta grep og ikkje kaste vekk kroppen på å ete "skit". Det skal her seiast at hjertesjukdomen ikkje hadde noko med livstil eller kosthold å gjere.  Men det er no ein gong slik at mat er kroppen vår sine byggjesteinar og då fortjenar jo den å få noko som den kan ha nytte av og som ikkje bryt den ned. Og det er heller ikkje å stikke under ein stol at med den livstilen folk har i dag med stress, full fart og mykje skitmat så er det også mange som slit med hjerte- og karsjukdomar, diabetes og andre livstilsjukdomar. Blablabla. Kjenner berre at eg vert skikkeleg engasjert her.

Vel, mitt bodskap denne gongen var eigentleg berre at mørk sjokolade er bra, og det gjer meg GLA! Ein kan faktisk ete litt kvar dag med god samvit. Skikkeleg glanyheit! Spesielt for meg som har større søthug enn ever for tida! Dissa hormonane altså.

Bilete frå nett
 

I`m alive!

Oi, oi, oi... Her har det visst blitt ei lita bloggepause gitt. Hmmm.... Va visst nokon hormona og greier som kom inn i bilete... Igjen... Ja, ja... Sånn er det. Blei visst ikkje så mykje energi til blogging. Men tenker å kome tilbake igjen no. Jauda. Heilt sikkert.