torsdag 27. september 2012

Rugetid

Då har eg offisielt innteke rugestilling i sofaen og er klar for nokre månadar i slow motion. Og nei, eg skal ikkje ha kyllingar og klekke egg, men bere trygt og godt fram ein liten baby. Dei fleste som kjenner meg veit at eg ikkje akkurat er så veldig "slow motionic" av meg så det er ei lita utfordring endå kjenner eg. Makk i rompa og maur i baken, vil nokon seie. "Det kriblar i beina", seier eg. Formen er på topp og alt er tipp topp med både mor og barn. Vi veit ikkje heilt kva som er problemet mitt eigentleg, anna enn at  livmora er svært livlig til tider, litt for livlig kan man seie. Kynnarar, eller svangerskapsrier i tide og utide. Ein skal visst ikkje tulle med slikt, og det veit eg jo av erfaring ettersom eg fødte for tidleg sist gang. "Stor sjanse for at du gjer det igjen," seier dei. Ja,ja. Kva anna kan ein gjere då enn å gå inn i slow motion-modus. "I do nothing," e mitt nye motto. Så seie folk, "Guri altså, at du klare det...", "Eg hadde blitt heilt sprø om eg måtte sitte sånn.." !  Handla jo ikkje om kva eg vil og kan og har behov for, men om det vesle, nydelige vidunderet som eg har inne i magen og som eg har ansvaret for. Så alle sånne egoistiske tankar grev eg ned i hagen og tek opp igjen til våren. Ein har jo ikkje noko val akkurat. Alternativet kan jo bli å sitte ved ei kuvøse i 3 mnd, noko eg IKKJE har lyst til. Syns det var nok styr med 6 veker for tidleg. Ein vert kjend med ord som CPAP, oksygenmetning, Billirubin og lysbrett. Då følte eg meg heldig i forhold til dei foreldra som satt ved sida av minibabyen sin medan apparat peip og blinka... Eg skrur gjerne ned tempoet og håpar eg slepp det. Også hjelp det faktisk å ha folk som heiar på seg. Det har eg og det gjer veldig godt! Tusen takk til alle dåkke som kjem med sånne fine kommetarar! :-D

Thumbs up og friskt mot!


Så no når eg sit her så veit eg at eg må omstille hovudet litt. Eg tenkjer at ei liste over ting eg ikkje skal gjere og ei liste over det eg skal gjere er bra kanskje:..?

Eg skal IKKJE:
1. Syte og klage
2. Klage og syte
3.Syns synd på meg sjøl. FYSJ! Slap in the face!
4. Rydde ting som ligg på golvet. (Vanskelig!!! Akkurat no flyt det av aviser, leikar, osv som ei 1 år gamal tulle har kosa seg med... Sjå opp, IKKJE ned!)
5. Begynne på ein evigvarande Daim-avhengighet... Kan lett skje.
6. Berre sjå på tv og bli firkanta i trynet.
7. Bli ei sur gravid kjerring i soffaen.
8. Trene eller gjere andre fysiske greier. Gud forby. Det kan vi gjere etterpå.
9. Bli crazy oppussings-bygge-rede-bitch. Uff, merka tendensane allereie.
10. Bli gløymt av vener og familie sjølv om eg har gått under jorda for ei stund.

Eg skal:
1. Tenke positive tankar kvar dag!
2. Drikke mykje te og ete mykje mørk sjokolade. For det er ein grønsak, nemleg.
3. Sjå mykje på skit-tv, som eg kallar det. Berre ikkje heile tida...
4. Strikke, strikke, strikke.
5. Lære meg å lage album med sånn CEWE-greier og få framkalt bilder frå dei siste ti åra.
6. Blogge meir
7. Kose meg med kvardagslukka mi.
8. Vere ei tålmodig og pedagogisk mor. (Kan vere ei utfordring når hormonane brusar i blodet og trassen når nye høgder.
9.få nok søvn, ete sunt og få frisk luft.
10.lese bøker, helst litt anna enn krim, meir romanar. Har begynt på kompani Orheim no, verkar lovande.

Neida, veit ikkje om vi får jente, men har tenkt å strikke eit rosa og eit blått teppe så får vi sjå kva farge vi brukar... 


Mor og magen.

Eg måtte ta alle bileta med telefonen i dag, fant ikkje kameraet... Ha ein fin kveld! :-D

5 kommentarer:

  1. Gode Heidi :) ja vi heia på deg. Og det e faktisk verre ting ein kan måtte gjere. Premien i enden er jo heilt vidunderleg! *nyforelska mamma* :)

    SvarSlett
  2. Jippi!!! Eg heiar på deg Heidi!!! :)

    SvarSlett
  3. Jeg har akkurat avslutta den siste boka til Cecilia Samartin...nå har jeg lest alle bøkene hennes!!! Dette var et hint til god litteratur i din avslappede situasjon ;)
    Lykke til!
    Klem fra Liv

    SvarSlett
  4. Takk alle sammen :-D Det er det som er så fantastisk, Vigdis. At ein faktisk får ein premie etterpå. Verdens beste belønning! Og tusen takk for boktips,Liv. Skal ha meg ein kosetur til biblioteket :-)

    SvarSlett