fredag 30. november 2012

Mammaengelen.

I dag har eg hatt mammaen min på vaskebesøk. Utrulig herlig å kunne seie til mannen når han kjem heim at han slepp stove-vasken :-) Fine og snille mammaen min som ALDRI seie nei. Ein ekte mamma-engel! Tusen takk!

"Uff, må kje ta bilde! Eg e no so bustete på håret! ", sa mamman min. Ærlig talt. Eg syns du e fine eg, mor :-D 


Jammen godt å få gode hjelp i denne tida. Ikkje nok med at ho vaska, men ho kom i tillegg med to ulike heimelaga syltetøy som ho hadde laga. Sånn e ho mor.  :-D  Også har ho laga julekaker og sylteflesk og gudane veit! Heldige oss!

Eg har no nådd 30-vekers målet og er VELDIG letta for det! No har vi veke 32 som neste mål framfor oss og det går jo greit framover, kjenner eg. Syns nesten det går litt fort. I dag er det å lage til julekalender som står på plakaten. Tenk at det er 1.desember i morgon! Eg diggar desember! Det er jo berre kos heile vegen. Og eg syns det vert berre kjekkare og kjekkare no når eg har fått eigne born.


 Ha ei herleg adventshelg!

onsdag 14. november 2012

Sju-måneders seremonien

I nokre kulturar feirar dei visst ein sju-månaders seremoni når kvinna når veke 28 i svangerskapet. Det er over 90 % sjanse for at bornet overlever dersom det vert født no. Eg har ikkje malt kroppen, kledt meg i fjærpryd, dansa rundt bålet og spelt på bongatrommer, berre for å få det på det reine. Men har hatt ein liten seremoni med ein kopp grøn te og fjorten episoder av "Modern Family" som er min nye kvardagsunderhaldning. (Eg ler med skakk!) Eg må inrømme at eg kjenner meg nokre gram lettare (DET er sjølvsagt billedleg tala, for vekta viste tvertimot ein herleg oppgang sist eg sto på den. Og då i kilogram) Men det kjennest litt bra at eg er komen meg eit godt stykke på vegen no. For to veker sidan var vi redd rugetida var over og det bar ein tur til Førde, men heldigvis var det ikkje truande fødsel på gang. Endå større grunn til å ta det easy då. Så det gjer eg. Eg MÅ klare fire veker til iallefall!

Mamsen og bollen

Eg prisar meg lukkeleg for netthandel. Det er berre så herleg å kunne sitje her og kose meg med å kjøpe julegåver utan å traske rundt i butikkane. Fantastisk! Då får eg liksom planlagt og førebudd jula likevel, sjølv om eg er inmobil. I tillegg har eg bestilt meg Netflix. Halleluja! Det er berre ei super oppfinning! Dei køyrer ein mnd gratis prøve no så då kan ein sjekke ut om det er noko ein likar også avbestille etterpå. Smart! Anbefalast! Neste veke får vi oss ny tv som støttar Netflix så da kan vi sjå filmar og seriar direkte på tven. Eg gjer meg ende over. De skjønar kanskje at eg ikkje er så himla teknisk av meg og føler meg litt sånn "Nyfødt" her. Vi skal tross alt kvitte oss med 21 tommaren  frå 1998. Vert nok ein overgang. I tillegg slepp vi at jentene kranglar om å stå nærast tven når dei prøvar å sjå barne-tv. Stakkarane ser jo knapt kva det handlar om på den vesle skjermen og det seier litt når ein ett-åring faktisk klarar å dekke heile tv-skjermen...

Ellers strikkar eg. Strikkar og strikkar. Og drikk kaffi frå fine koppar. Humøret vert liksom litt betre av å drikke kaffi frå ein fin kopp. Også må eg ha raude negler. Rødt er energi og glede, tenkjer eg.


 Merkar jo på kroppen at eg har vore ineffekiv så lenge. Ein vert ikkje akkurat sprudlande og energisk av å sitje på ræven i soffaen. Men istadenfor å fokusere på at eg ikkje får gjort nokon ting og at eg lever litt på sida av det normale her, så tenkjer eg at eg gjer ein jobb. Eg held hus til eit lite menneske som skal vekse seg stor og sterk nok til å møte den store verda. Og det er ein knallhard jobb. Men ein viktig jobb. Eg gjer det iallefall med glede og føler meg priviligert som får lov til å ha eit barn i magen for 3.gong. Lucky me!