fredag 30. november 2012

Mammaengelen.

I dag har eg hatt mammaen min på vaskebesøk. Utrulig herlig å kunne seie til mannen når han kjem heim at han slepp stove-vasken :-) Fine og snille mammaen min som ALDRI seie nei. Ein ekte mamma-engel! Tusen takk!

"Uff, må kje ta bilde! Eg e no so bustete på håret! ", sa mamman min. Ærlig talt. Eg syns du e fine eg, mor :-D 


Jammen godt å få gode hjelp i denne tida. Ikkje nok med at ho vaska, men ho kom i tillegg med to ulike heimelaga syltetøy som ho hadde laga. Sånn e ho mor.  :-D  Også har ho laga julekaker og sylteflesk og gudane veit! Heldige oss!

Eg har no nådd 30-vekers målet og er VELDIG letta for det! No har vi veke 32 som neste mål framfor oss og det går jo greit framover, kjenner eg. Syns nesten det går litt fort. I dag er det å lage til julekalender som står på plakaten. Tenk at det er 1.desember i morgon! Eg diggar desember! Det er jo berre kos heile vegen. Og eg syns det vert berre kjekkare og kjekkare no når eg har fått eigne born.


 Ha ei herleg adventshelg!

2 kommentarer:

  1. So søt du e, Heidi! Og mammo di og!!! Helsa!!!
    Kari i Svedalen

    SvarSlett
  2. TAKK, Kari!!! :-D Ja, mamma e veldig søte og veldig snillde! Skjønne Olausen din. For eit smil :-)

    SvarSlett