mandag 10. desember 2012

Laurdag hjå oss

Denne helga har vi kosa oss med pepperkakehus. Litt bilete frå "operasjon pepperkakehus". I år juksa vi og sette i hop eit ferdig eit frå Rema... Nokon hugsar kanskje at fjorårets prosjekt ikkje var like vellukka? ;-)

Flinke  pappa ordnar vindauge på kyrkja.

Andre gjorde seg klare med litt eting

Kjekt å pynte!

Fine Emma-svibelen tittar fram

Alle hjelper til.

Også ete litt til....

Og enda litt....

Ferdig! 

Etterpå var det dans og lytting til denne.

Og inga julestemning utan Putti, plutti, plott! "Nei, vi hakke tid, for vi må finne skjegget!" Vi e endeleg begynt å komme litt på moten att med våre tusen (minst) LP-plater. Eg elskar lyden av gamal vinyl! Vi har mange klassikara som vi kosa oss med no i julestria. Favorittane er nok denne, Bing Crosby og Skomakergata. Ultimate julestemninga!

Med dette seier eg vel overstått helg og god veke. Er de forresten klar over at vi no er i veke 50?! Året er jo snart slutt jo! To veker til jul. Eg gler meg!

2 kommentarer:

  1. Fin gjeng du har :) Må le litt av mini-Øyvind altså - ho e jo prikk lik. Mamma har vore i Oslo i helga og kom heim med julekjole til Maria. Guess what, ho fikk samme kjole som du har kjøpt til jentene. Yes! :)

    SvarSlett
  2. Nei, så kjekt! Den e så skjønne den kjolen :-D EG dånte nesten då eg fekk den på dei ;-) Og ja, Live e skikkelig mini-Øyvind. Vi ler stadig vekk :-D

    SvarSlett