fredag 14. desember 2012

Olav du må koma, julegåvene kjem!

Min nettshopping er begynt å bere frukter... Postmannen kom i dag på døra både med ferdige julekort ( Gler meg til å sende desse ut til folk. Syns dei vart så FINE!) og gåvene til jentene mine. Fantastiske sittesekkar frå Coocon couture. Må berre dele dei med dykk. Jentene mine les av naturlige årsakar ikkje bloggen min så då tek eg sjansen....

Raud, med sommarfugl. Endå finate i verkelegheita! 

Det var utsolgt for det motivet eg bestilte på denne, ein nydelig liten bambi, men fargen er den samme. 
Sittesekkane har eg blogga om tidlegare og er bestilt her.
Coocon couture er designa av Ingrid Daniell og Melanie McLeod (australske damer, trur eg), dei er sydde av kordfløyel med applikasjonar av vintage-stoff, og fins i mange ulike fargar for både jenter og gutar. Eg vurderte om eg skulle bestille dei i ein meir nøytral sand/brun farge, men følte eigentleg ikkje at det er heilt oss. Eg er litt for glad i fargar. Og, som mannen min sa då eg spurte om eg skulle velge ein meir nøytral farge "sånn at det ikkje stal så mykje merksemd i interiøret : "Skal det se ut som eit sånn dansk grått designhjem dette her?" (Han er frå Bergen så måtte skrive litt bokmål her...) Sant, så sant. Så då vart det med fargar. Punktum. No er eg veldig glade for at eg høyrde på han. Verkeleg fine!

No ventar eg berre på gåva til mannen. Eg er så fornøgd med den gåven!!! Han gjettar aldri kva det er :-D Hi hi... Meir kan eg ikkje skrive. Ellers nærmar vi oss ferdige med gåvene. I år har eg laga liste (har no verkeleg sånt å gjere), så då er det enkelt for ektemannen å utføre handlinga ettersom eg er ferdig oppbrukt med slikt etter 10 minutt for tida. Eg syns det er litt viktig å handle lokalt også så det som ikkje kjem med posten, vert kjøpt på Eid. Vi er storkundar hos bokhandelen der inne, Totland Libris som faktisk er ein av dei beste av sitt slag i landet! Det er eg overbevist om. Dei har noko for alle og dersom dei ikkje har det så bestiller dei det gjerne for deg. Til opplysning,  ikkje at alle får bøker i år altså ;-)

Ellers så vil eg oppfordre alle til å ikkje stresse så mykje no i førjulstida. Kos deg med dei små godene og senk krava :-D Ha ei strålande helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar