fredag 7. desember 2012

Shop till you drop.

Eg har i denne førjulstida kosa meg med å handle på nettet. Fleire og fleire butikkar vert tilgjengelige her og for oss umobile er jo det superb! Det er jo også noko med det når ein har busett seg i huttiheiti. Eg tenkte eg måtte dele nokre fine sider og ting med dykk der ute.

I forgårs kom ein herleg pakke frå http://www.laredoute.no/. Verdens deiligaste strikkejakke som eg har flytta inn i no når det er så kaldt ute. Jakka kan du sjå her. Love it! No er det fri frakt og 40 % på bestillinga di. Special price for you. Eg er iallefall godt fornøgde med både handel og levering her.

Julekjolane til jentene fann eg her. Dei ligg desverre ikkje ute lenger, men raude kjolar med kvite hjerter på kan iallefall ikkje eg motstå :-) Raskt og enkelt hos Lindex.


Beklager elendig bildekvalitet, men sånn vart det i dag. Bad Cameraday.

Nettbutikken til hennes & mauritz kjem ein jo ikkje utanom heller. No er der stort 50 % salg på både det eine og det andre.

www.epla.no er ein annan favoritt. Her kan du finne noko til alle eigentleg. Utrulig enkelt å handle å handle her, stort sett billig porto og rask levering. Har funne nokre lure julegåver her, både til andre og meg sjølv...

Deilige tøfler med fleece inni. Desse kjem frå butikken Lykkeland på epla.no.


Søtaste toalettmappa av voksduk med, ja nettopp, raude hjerter... Can`t resist! Frå butikken zndesign på epla.


Så har du jo alle desse bildeframkallingsjulekort-nettbutikkane. Der fins det mange å velge i. Eg har brukt www.postfoto.no. Billig og bra. Har akkurat bestilt 100 (!) julekort der i frå og det kom på ca 400 kr. Det er jo greit! www.fotoknudsen.no er også bra å bruke syns eg. Har bestilt nokre fine bilete på lerret herifrå.

Ein annan favoritt er platekompaniet. Her finn eg alltid noko bra. Stort sett 30 kroner i porto og rask levering. Einaste eg har tabba meg litt ut på denne gongen er at eg har besilt noko så sjelden at eg har venta i snart ein måned på det... Måtte visst komme frå USA. Men den som ventar på noko godt ;-)

Så driv eg å sikla på noko fint til jentene til jul frå denne nettbutikken her www.toispann.no. Så mykje fint! Denne sittesekken foreksempel? Beautiful Butterfly! Også raude då...



Det fins jo tusen på tusen med butikkar på nettet, men eg tenkte eg berre ville anbefale stader som eg har erfaring med sjølv og som kan vere aktuelle no i julestria... Håper dette var nokre nyttige tips og del gjerne andre sider du er fornøgde med i kommentarfeltet!




2 kommentarer:

  1. Åh, so fine kjolar! Netthandel e tipptopp. Minst 50% av julepresangane har blitt levert på døra dei siste vekene ;) Tusen takk for fine ord om bildene mine - du e god, du! Lykta har eg kjøpt på Primula på Eid for 150 kr :)

    SvarSlett
  2. Då må eg sjekke ut neste gong eg er på Eid ;-) Ikkje for å herme, men dei var så fine! Love kjolane. Og dei var kjempe fine på jentene.

    SvarSlett