onsdag 16. januar 2013

37 veker innanbords.


37 + 1 dag faktisk. Ny rekord! Har aldri gått så lenge i eit svangerskap før eg. Veldig kjekt! No vert klompen rekna som fullbåren når det vert fødsel. Herrelighetenndamann! Så deilig!

Sjekk den magen! No snakka vi her... 


Eg ha sjølvsagt vorte forkjøla. Host og hark og stakkar magemusklar som ikkje fins lenger... Dårlig sport å vere høggravid og forkjøla. Det kan eg skrive under på! Skjønar ingenting av at eg ikkje har hosta ut babyen.Vesle snuppa er også sjuk så ho må vere med bestemor og pleiast i dag... Stakar liten... Store snupp og pappen har også vore sjuke, men er no betre heldigvis. Og vi er vel snart på betringens vei vi andre også. Men håpe jammen at fødinga har tenkt å vente til eg har fått tilbake pusten og energien att. Klarar ikkje heilt å sjå for meg korleis eg skal klare ein fødsel no akkurat. Men utkreftene er jo der inne ein plass, så dei kjem vel fram tenkjer eg :-)

Tenkte eg måtte vise bilde av hentesettet som eg har gjort klart... Gler meg sånn til å ta det på :-)

Eg har strikka jakka og lua, medan mamsen har strikka buksa og dei skjønnaste sokkane. 




Blått eller rosa teppe?


Fuglemammas omslagsbody , vottesokkar og lita lue.

Eg har strikka og strikka. Det mest av oppskriftene har eg brukt frå " Nøstebarn" og boka "Myk Start". Likar veldig godt oppskriftene i desse bøkene. Eg har stort sett strikka i 2-tråds merinoull frå nøstebarn og Tynn Alpakka frå Du Store Alpakka. Herlig tråd å strikke med.

Trur eg må gå å ta meg ein kopp te med honning no og håpe på rask rekåveri... Så får vi sjå kva som vert det neste på bloggen... ;-) Ikkje at eg har tenkt å føde no altså...

2 kommentarer:

  1. So mykje fin strikk! :) Eg elskar nøstebarn, ull og alpakka! Myk Start er ikkje dum den heller, men litt vel mykje "fram og tilbake-strikking" etter min smak. ;) Hurra for 37+1 og god betring!

    SvarSlett
  2. :-) Kjekt å strikke! No e eg inne i ei alpakka periode, så mjukt og deilig å strikke!

    SvarSlett